fredag 5. desember 2014

Bok 99 2014: "Orkanger" av Johan Mjønes

Denne romanen begynner med ei sår skildring av ein gut som vert mobba. Seinare vert vi òg kjende med den guten som står i spissen for mobbinga. I del 2 møter vi dei att som vaksne, og guten som vart mobba stiller som psykolog og sakkunnig i ei sak der han skal vurdere mobbaren sine eigenskapar som far. Til slutt møter vi dei att som gamle menn.

Boka er på mange måtar hjarteskjerande, og den er absolutt verd å lese. Særleg den første delen viser kor samansett eit problem som mobbing kan vere.

Skrivestilen til forfattaren kan vere litt spesiell. Han har ein tendens til å skrive nye setningar baserte på dei førre, noko som kan gi ein poetisk effekt, men som òg kan bli noko overdriven i lengda. Skiftet i synsvinkel mellom dei to hovudpersonane er godt gjennomført, og på lydboka er det to ulike opplesarar som skiftar på å lese. Dette fungerer svært godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar