tirsdag 16. desember 2014

Bok 101 2014: "Nyryddinga" av Sigmund Løvåsen

Forfattaren fekk Tarjei Vesaas sin debutantpris for denne romanen, som kom ut i 2003. Vi møter ti år gamle Geir, som er son av ein bonde og lever eit godt liv på garden saman med familien, og med ein god kompis i same situasjon. Problema oppstår når faren til Geir blir sjuk og ikkje lenger kan arbeide fullt som bonde. Geir opplever òg å bli forelska i ei jente, og andre kvardagslege ting. Det ligg ei hyggeleg og lun stemning over det heile, men utan at livet på landet blir glorifisert.

Eg las boka som lydbok, og det er ei god innlesing. Likevel undrar eg meg over at ein vel ein opplesar med skarre-r og tydeleg vestlandstonefall, når forfattaren er frå Trysil.

4 kommentarer:

  1. Eg har ikkje lese denne boka, men irriterer meg ofte over at dei vel opplesarar med feil dialektbakgrunn. Dette gjeld sjølvsagt mest nynorskbøker.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det vert spesielt merkeleg når forfattaren skriv med dialektpreg og frå eit tydeleg definert miljø.

      Slett
  2. Innsirkling-bøkene irriterte meg, fordi personane der var frå Namsostraktene, men opplesarane var frå Austlandet og Sørvestlandet. Det vart lite autentisk.

    SvarSlett