torsdag 25. desember 2014

Bok 103 2014: "Skyggemannen" av Jorun Thørring

Ei nordnorsk kvinne arbeider som rettsmedisinar og spesialetterforskar i Paris, og når vi møter henne er ho i gang med ei etterforsking av eit uforklarleg mord.

Eg er frykteleg kresen når det gjeld krim, og dette var ikkje ei bok som nådde heilt opp hos meg. Eg syntest ikkje hovudpersonen var interessant nok, og ho var omspunne av altfor mange klisjéar. Som vanleg gissa eg delvis løysinga etter svært kort tid - ikkje fordi eg er så intelligent, men fordi dei fleste krimforfattarar held seg innanfor eit mønster. Den delen av løysinga eg ikkje gissa, var spennande nok, men ikkje så sannsynleg. miljøet vert ikkje særleg inngåande skildra, noko som hadde vore naturleg dersom ein først plasserer ei nordnorsk heltinne i Paris. Ein kunne nesten like gjerne ha sagt ho var ei sørlandsjente i Dublin.

Eg kan ikkje garantere at eg ikkje kjem til å lese fleire bøker av Thørring, men noko must er det i alle fall ikkje.

3 kommentarer:

  1. Eg har lese nokre bøker av J T og eg har likt dei ganske godt. Synest det er litt interessant med innblitt i det ånssnobbete og i det heile tatt snobbete franske samfunnet.Elles skriv ho også krim frå Nord-Norge. Men eg har litt sut for at du må lese bøkene som eg har lånt på biblio her.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er i gang med det no, men måtte lese ferdig den der først.

      Slett
  2. Eg føler eit visst press på at eg må levere fort tilbake, sidan eg får nesten alle bøker først.Men berre ta den tida du treng.

    SvarSlett