lørdag 13. desember 2014

Langpannekake på laurdag

Ballerinaen var borte frå heimen til langt på kveld i dag - først skulle ho øve, og deretter besøke venninner. Storegut og eg fekk sendt ein pakke og handla litt, kombinert med lærekøyring, og Minstemann og eg gjekk deretter lang tur med hunden medan Storegut las til prøve.

Eg har nesten ferdigstilt siste bunken med heildagsprøver i løpet av dagen, og håpet er å få retta dei ferdig og skrive vurderingar i morgon slik at eg får delt dei ut på måndag. Det verste stresset på jobb er nemleg rettingsarbeidet, og det kjem som regel på ugunstige tidspunkt.

Like før eg skulle hente Veslejenta på 20.30-ferja kom eg på at eg skulle lage kake til i morgon. "Lag di beste langpannekake", står det så kjekt i brevet frå ballettskulen. Det blir kake frå Toro denne gongen - mest fordi hjernen ikkje er heilt i vater og husmorskillsa ligg på vent, men òg fordi eg synest folk kan kome og sjå eit ballettshow utan å måtte proppe seg med kake i pausen. I beste fall blir eg no svartelista av ballettskulen på grunn av manglande bakekunstar, eller så blir eg degradert til trappevakt att. Det var ei oppgåve eg syntest eg hadde dreisen på, sidan eg delvis lever av å hysje og skjenne.

4 kommentarer:

  1. Heilt einig med deg! Litt søtt, men ikkje støtt! Summen vert for høg i slike tider! Innfør fruktpause e.l. Men kaker er vel gratis for dei som arrangerer!

    SvarSlett
  2. Eg skulle før ha betalt nokre kroner meir for billetten, og så kunne dei ha sett ut fruktfat i pausane.

    SvarSlett
  3. Kaker i tide og utide er ein uskikk. Det blir ete altfor mykje kake i vår tid. Kaker skal vere til fødselsdagar og andre "festar"-ikkje til kvardags. Det er mi objektive meining.

    SvarSlett
    Svar
    1. "Mat på fat", godteri til avslutningar, godteri til tentamen, peparkaker på mange butikkar - det tek litt av, synest eg. på eit kurs eg var på, fekk vi fruktbitar i porsjonsglas. Det var eit godt og lekkert alternativ, synest eg. Viss ballerinaene treng mat, bør dei få noko anna enn kake uansett.

      Slett