Som norsklærar synest eg det er viktig å halde seg litt orientert om ungdomslitteratur, i alle fall ungdomsbøker som ikkje er skrivne i fantasysjangeren. Koleruds bok er allereie ti år gammal, men eg har planar om å lese alle bøkene hans, då eg trur han er ein forfattar som kan fenge mange.
Hovudpersonen Odd er om lag 14 år. Kompisen hans, per Tore, har fått det føre seg at det kviler ei forbanning over han, så han sluttar å kome på skulen. Odd får i oppdrag å snakke Per Tore ut av situasjonen.
Skrivestilen til Kolerud er veldig underhaldande. Han skaper nye og uventa språklege bilete, og han grip fatt i trivielle hendingar og skildrar dei slik at alle kan kjenne seg att. Som døme på det første:
"Skogen var taus og tankefull, som ei skuleklasse etter ei overraskande gloseprøve."
Som døme på ei triviell hending vil eg nemne ein episode der det kjem fjerne slektningar på besøk. Dei sit rundt matbordet og har problem med å halde samtalen gåande, og så må faren tørke opp noko søl og går ut på kjøkenet for å skylje kluten etterpå:
"Han skylte kluten lenge. Ein skulle tru det var eit laken".
Slutten på boka var i overkant open etter min smak, men eg kjem til å lese fleire bøker av forfattaren fordi han etter mitt syn skriv så godt og har så herleg humor.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar