mandag 29. desember 2014

Bok 104 2014: "Svøm med dem som drukner" av Lars Mytting

Denne boka fekk bokhandlarprisen i 2014, og det var vel fortent. Handlinga fanga meg med ein gong, og spenninga heldt seg oppe til siste slutt.

Edvard veks opp på ein gard i Gudbrandsdalen saman med bestefaren fordi foreldra døydde då han var liten. I starten får vi vite at bestefaren har kjempa på Austfronten under andre verdskrig, og etter kvart finn Edvard ut stadig meir om familiehistoria si. Han reiser mellom anna til Shetland, der han møter ei kvinne som gjer sterkt inntrykk på han.

Boka er ikkje føreseieleg, og kanskje ikkje heilt realistisk heller. Karakterane er truverdige, og språket flyt lett utan å gjere det heilt store inntrykket. Det er først og fremst handlinga som er god, i tillegg til komposisjonen. Dessutan sette eg pris på den nærheita til naturen og gardsarbeidet som forfattaren uttrykkjer.

3 kommentarer:

  1. Eg likte også godt denne boka, men ville ikkje skrive så mykje før du hadde lese den. Det einaste eg har å utsette på LYDboka at det var litt mykje fram og tilbake-med andre ord måtte ein vere aldri så lite "skjerpa". Boka var i alle fall ikkje ei slik det går 13 av på dusinet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg måtte høyre delar av den to gonger, spesielt siste plata.

      Slett
  2. Eg har så vidt begynt på den!

    SvarSlett