mandag 29. desember 2014

Fjerde juledag

I dag skulle Eldstejenta på jobb, så vi venta med å gå tur til etter at eg hadde køyrt henne på kaia. Då var det eit frykteleg snøkave, så det vart ingen turbilete i dag. Fotograferinga i dag tok i staden utgangspunkt i nokre av årets julegåver.

Vi har hatt ein viss debatt gåande på facebook i desember om påskrift, og systera mi gav meg derfor denne handduken:
Det er utruleg kor djupe tankar ein skal måtte ha når ein tørkar seg på hendene...

Ingen tok hintet om kva eg hadde bruk for til jul:
Men ein kan vel ikkje klage, i alle fall ikkje når kjæresten dukkar opp med nye vinterskor i presang:
Han hadde forøvrig fått klar melding om ikkje å kjøpe fleire smykke i presang...

3 kommentarer:

  1. Stilige skor! Du får kjøpe deg matchande lommebok!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg vart veldig glad for skorne - dei var varme, fine og hadde godt "gripetak". Og dei sat som støypt på, noko som er det aller viktigaste. Matchande lommebok, jakke og veske kan eg eventuelt kjøpe sjølv.

      Slett