søndag 29. mars 2015

Bok 24 2015: "Rettsstridig forføyning" av Lena Andersson

Denne svenske romanen er frå 2013, og vart same år tildelt Augustprisen. Romanen har undertittel "En roman om kjærlighet", men det er på ingen måte ei så sentimental kjærleiksbok som ein kan få inntrykk av.

Ester er ein poet og essayist som lever i eit sambuarforhold. Då ho brått forelskar seg hovudstups ved første møte med kunstnaren Hugo, må ho gjere nokre grep i livet sitt. Sidan den stormforelska Ester er eg-personen, må vi lese mellom linjene at Hugo ikkje er fullt så forelska som ho, at han kanskje skjuler noko for henne når han reiser vekk og at ho klengar på han slik at ho får han til å føle seg uvel.

Eg likte boka godt, mykje fordi den er litt original, samtidig som den tek opp eit tema som har funnest til alle tider.

1 kommentar:

  1. Eg har lese boka, men den kan ikkje ha gjort så veldig inntrykk på meg, for eg hugsar ikkje så mykje. Kanskje eg må friske opp minnet på bloggen min.

    SvarSlett