onsdag 22. april 2015

Bok 31 2015: "Sannheten og andre løgner" av Sascha Arando

Henry er ein suksessrik forfattar med eit godt ekteskap og ingen problem i forhold til kollegaer eller andre rundt han. I alle fall ser det slik ut. Vi får tidleg vite at han har ei elskerinne, og at nokon andre skriv romanane hans. Snart er vi midt inne i ei litt pussig katt-og-mus-jakt, der vi berre ventar på at det heile skal bryte saman rundt Henry, samtidig som vi heiar på han og ønskjer at han skal sleppe unna.

Eg likte boka ganske godt. Eigentleg er eg litt lei av krim, men denne var såpass annleis at den fenga meg.

1 kommentar:

  1. Eg likte denne boka. Mykje fordi ho var skriven etter ei anna oppskrift enn vanlege krimbøker. Av ein eller annan mystisk grunn minte den meg om "Flink pike".

    SvarSlett