I dag var planen at huset skulle tørke utvendig, såpass eg kunne ta på noko soppdrepande middel som grunning før vi kan begynne å male. Det vert åtvara sterkt mot å male fuktig treverk, og slike åtvaringar tek eg seriøst.
Eldstejenta kom frå nattevakt og trengde litt kvile, men så gjekk vi oss ein rusletur innover bygda før middag. Så begynte det å regne, så no vert det ein roleg ettermiddag inne i staden for arbeid ute. Det går heilt bra, kan eg røpe.
I dag fekk Veslejenta svar om at ho har kome inn på musikklinja. Vi har rekna med det, men det var greitt å få det stadfesta. Eg ser fram til å møte henne i gangane på jobb av og til, og er glad så lenge eg har born som avløyser kvarandre som elevar på jobb.
Godt at førstevalet er i boks!
SvarSlett