Mi personlege markering av dagen skal vere å plante roser i hagen, det har eg bestemt meg for. I dag tok eg derfor turen til tettbygde strok, og eg nytta òg høvet til å stikke innom foreldra mine.
Vel heime planta eg rosene, og etterpå heldt eg fram med å luke og styre i pøsande regn. Eg er glad i å arbeide, som eg så slagferdig sa til foreldra mine før i dag, og eg synest det er god terapi og meditasjon å styre med slikt som syner godt att etterpå.
Rosene eg kjøpte i dag var av typen "bunndekkende", og dei fekk bu i den store skråninga vi delvis laga til i fjor.
Eg kjøpte ei av desse, som ikkje er fylte. Rosaraud farge. |
Eg kjøpte to av desse. Der var roser på dei, og dei er raude (biletet lyg altså) |
Ein fin måte å markere 22. juli på!
SvarSlett