søndag 10. juli 2016

Bok 47 2016: "Den tapte krigen" av Fredrik Græsvik

I denne boka fortel Græsvik om bakgrunnen for krigen, årsaker til angrep på begge sider og einskildhendingar som er med på å gi eit inntrykk av kva følgjer krigføringa i Afghanistan fekk. Ein får òg ei innføring i den politiske situasjonen i Noreg. Græsvik er ganske krass og skarp i kantane til tider, men det gjer skrivemåten meir fengjande. For meg var dette ei nyttig og god bok å lese, men eg vart litt forvirra av inndelinga i emne mot slutten. I starten er boka temmeleg kronologisk oppbygd, noko som er lettare å følgje med i, medan ein mot slutten har eit kapittel som heiter "Taliban", til dømes.

Eg har lese mykje om Afghanistan tidlegare, men denne boka hadde ei vinkling mot norsk krigføring som var relativt lite kjend for meg, men aktualisert dei siste dagane både på grunn av Stoltenberg og Blair.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar