torsdag 14. juli 2016

Maleprosjekt del 5

Vi maler og vi maler og det blir så fint og flott, når vi bruker...grått...

Ein nyanse mørkare (ikkje akkurat 50 shades), og vi er snart ferdige med første strøk på nedsida og i solveggen. Dei to sidene er mål for årets maling, så eg ligg godt an (sjølv om vinduslister og denslags tek meir tid enn ein trur. I dag var det berre dei to yngste og eg som var heime, og vi held ut omtrent like lenge. Det har vore mykje pirkearbeid så langt, spesielt med rekkverket på verandaen, og det ser ut som om vi får eit visst arbeid med andre strøk òg.

2 kommentarer:

  1. Det er no kjekt at arbeidet viser att! Eg synest det er fint med litt lysare!

    SvarSlett
  2. Det er den mørkaste som er ny! Eg trur det er same farge, berre at den gamle er blakna.

    SvarSlett