onsdag 6. juli 2016

Årets maleprosjekt (del 1 og 2)

Prosjektet starta tysdag. Då stakk vi innom den lokale Coop bygg extra-butikken, som nyleg er blitt utvida. Der var fantastisk godt utval i mange interessante ting, og servicen var òg utruleg god. Vi fekk med oss ei handlevogn full av ting vi ikkje visste vi trengde, i tillegg til gode tips. Del 1 i prosessen var altså planleggings- og innkjøpsfasen. Når ein bur ein halv time unna butikk, kan det vere greitt å ha handla alt ein treng eller kjem til å trenge. For sikkerheits skuld kjøpte eg ein heil bukett med penslar, slik at heile folket kan vere i arbeid viss det blir aktuelt.

Onsdag begynte vi på del 2, som var utvendig husvask. Vi fekk låne oss ein høgtrykksspylar, og så var det berre å gå i gang med såpevask, skuring og spyling. Første økta skura eg medan Minstemann spruta såpe med sprutekanne, deretter spylte han vekk såpevatnet. Dette var ei fredeleg og effektiv arbeidsøkt. Deretter kom Storegut, og eg tenkte eg kunne utstyre den eine med skurekost og den andre med høgtrykksspylar. Dumme meg trudde resultatet ville bli husvask, men det vart det ikkje. Ikkje berre det, i alle fall. blir ein nokon gong for gamal til vasskrig?

I bloggande stund held gutane på med siste veggen, og så står kjellarmuren for tur. Så er det berre å vente på at treverket skal tørke såpass at vi kan begynne på del 3.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar