tirsdag 5. juli 2016

Bok 46 2016: "Eplehagen" av Marianne Storberg

Handlinga i boka er for det meste lagt til åra rundt 1814, i Asker. Ei ung enke kjem til prestegarden for å arbeide som guvernante hos ein såkalla "potetprest". Boka handlar mykje om livet hennar, men òg om dyrking av poteter og eple, om sjukdomshistorie og om den nye kongen. Spennande spørsmål undervegs er kvifor nokre av mennene er uvener, og om kvar prestefrua er blitt av.

Midtvegs i boka var eg svært positiv, men etter kvart tapte boka seg ein del etter min smak. Spesielt etterordet, der ein får svært mykje informasjon om kva som skjedde i ettertid, kunne forfattaren ha utelate, etter mitt syn. 

Komposisjonsmessig begynner boka med handling som ligg langt etter handlinga i boka, noko som ofte er ein fin måte å skape spenning på. I denne boka ligg det meste av handlinga i mellomtida kort oppsummert i etterordet, og då fungerer ikkje komposisjonen like godt. 

Viss eg sjølv skal kome med ei kort oppsummering, blir det at boka hadde ein del interessant historisk stoff, men at sjølve forteljinga flatar ut undervegs.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar