fredag 8. juli 2016

Maleprosjekt del 3

Eg hadde venta på regn som etter meldingane skulle kome i 17-tida, så vi hadde fått unna noko utearbeid i hagen og skrapa litt maling av rekkverket på verandaen. Sjølve malinga hadde eg venta med, men då det enno ikkje hadde regna ein drope då vi kom heim frå tur, pensla eg på noko oljegrunning på berre flekkar i treverket.

Nokre lesarar vil nok hugse Minstemanns store interesse for tape for nokre få år sidan. Guten er no ein skikkeleg arbeidskar, og i dag fekk han oppgåva med å ha på maskeringstape på vindauge og verandadører. Førebels konsentrerer vi oss om to av husveggene, på ned- og sørsida av huset. Klarer vi desse sidene før vinteren, skal eg vere godt nøgd. Alt anna er sjølvsagt bonus.

2 kommentarer:

  1. Med slike gode hjelparar går det sikkert greitt!

    SvarSlett
    Svar
    1. No treng vi berre nokre dagar med opphaldsvêr. Ser dårleg ut etter meldingane.

      Slett