tirsdag 12. juli 2016

Bok 49 2016: "Sjur Gabriel" av Amalie Skram

Denne romanen har eg lese mange gonger før, så denne gongen var det mest på grunn av borna at eg valde den til underhaldning i bilen. Boka er berre fantastisk dramatisk og gripande, og lydbokversjonen frå 1967 er fantastisk god. Eilif Armand les både bergensdialekt og strilemål ganske overtydande, og boka vert dermed meir lettlesen for den oppveksande generasjonen. Eg har tidlegare brukt lydboka i norskundervisninga, og det kan eg anbefale andre å gjere òg. Då får ein ei gripande fellesoppleving av forteljinga, og det kan vere ein stor fordel.


2 kommentarer:

  1. Eg har sjølvsagt lese boka både på papir og i lydbokformat. Lydbokversjonen er ei stor oppleving-særleg om ein ikkje likar å lese dialekt på trykk.

    SvarSlett
    Svar
    1. No angrar vi berre på at vi ikkje like godt lånte resten av serien med det same. Biblioteket i Volda er stengt denne veka.

      Slett