fredag 29. juli 2016

Bok 56 2016: "Silkeormen" av Robert Galbraith

Eg har lenge tenkt at eg skulle lese krimserien til "Robert Galbraith", og av ymse årsaker begynte eg på nummer to. Dette er tradisjonell krim med ei mordgåte som er lettfatteleg, og som har ein etterforskar som er lett å bli kjend med. I denne boka er det ein forfattar som døyr på ein makaber måte, og menneska rundt han vert skildra så det er lett å halde frå kvarandre. I tillegg er opplesaren svært dyktig. Eit lite minus for at løysinga kom lit brått på; plutseleg visste etterforskaren korleis alt hang saman, utan at vi fekk følgje tankerekkja.

2 kommentarer:

  1. Eg veit at eg har lese denne boka og enda ei til av forfattaren, utan at begeistringa tok heilt av. For å seie det forsiktig.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enkel og grei krim der det er lett å følgje historia. Grei sommarlektyre.

      Slett