Det er nesten haustleg ute, med ti grader og pøsregn. Men eg har mange oppdrag som har lege på vent frå travle vårmånader.
I morgon er det boshenting, og dunken min var knapt halvfull. Dette inspirerte til opprydding i boder og på "kontoret", sjølv om det der mest vart snakk om papirbos. Det er utruleg kva ein samlar på! Vedomnen fungerer fint som makuleringsmaskin, og dunkane er snart breddfulle. Charlie hjelper sjølvsagt til og har dessutan lært seg å posere for mobilen, ikkje berre kameraet...
|
Denne bunken med papir skal resirkulerast etter at eg rydda EI hylle. Ein heil del vart brent òg... |
|
Stemningsbilete frå hagen |
Eg vaska frysar i dag ...
SvarSlett