Eg har køyrt forbi stavkyrkja i Borgund tallause gonger utan å gå inn, men torsdag tok vi oss ein snartur innom både kyrkja og museet i besøkssenteret. Det moderne bygget frå 1995 står i ein artig kontrast til den gamle kyrkja. Til slutt vandra vi sjølvsagt over kyrkjegarden og las på steinar - ei sær interesse vi heldigvis deler.
|
Grav over ein ung mann som døydde under krigen |
|
Stavkyrkja med besøkssenteret i bakgrunnen til høgre |
Etterpå køyrde vi til Seltun, der vi starta vandringa opp Kongevegen på vegen forbi Galdane. Første stopp var husmannsplassen Seltøyni, som vart rydda i 1745 og drive som sjølveigande bruk i 1932. Det seiest at ein av husmennene stelte plassen så dårleg at bonden måtte få med seg lensmannen for å kaste han ut. Dei tok med seg utedøra for å gjere huset ubebueleg.
|
Seltøyni (Fjellheim) |
Ein stor del av vegen ligg i steinur langs elva. Eit par stader fann ein restar etter tyskarane sin bruk av området under andre verdskrig, då dei ville stogge ferdsel opp gjennom dalen mot Austlandet.
|
Militært minne frå andre verdskrig, då hovudvegen gjekk på hi sida av elva |
Hovudattraksjon på vegen er husmannsplassen Galdane, som vart fråflytta så seint som i 1947. Elles budde der folk i 1660 (og truleg før), men huset var noko nyare. Ein familie med 11 born hadde budd der, mellom anna, og det var mange frå denne staden som utvandra til Amerika. Det forstår eg godt.
|
I bakgrunnen, oppom berghammaren, ser ein vegen over Seltunåsen |
|
Denne brua er ny, og dessutan rekonstruert etter gamle skildringar, og sherpaer har vore ansvarlege for steinarbeidet |
Den stusselegaste husmannsplassen vi såg, var den som låg under ein hellar.
"Olavsklemma" er ein fjellformasjon som truleg er forma av elv og is, men som segna fortel at Olav den heilage kom ridande gjennom. Då sprekka i fjellet var for smal, bad kongen hesten sette baken mot eine sida og sparke ifrå slik at fjellet opna seg. Jettegrytene er altså kanskje merke etter baken til ein hest. Under andre verskrigen hadde tyskarane ein post her òg, og dei har sprengt ei hole i fjellet. Det er inga segn.
|
Tyskarane sitt verk |
Då vi kom tilden store parkeringsplassen der turen til Galdane "skal" begynne, gjekk vi eit lite stykke på den gamle hovudvegen på hi sida av elva, før vi begynte på turvegen over Seltunåsen.
|
Elva sett frå området ved brua |
|
Denne hellaren var brukt som smie og lager |
Husmannsplassen i Gravdalen låg rett ved eit gjøl, der ei nydeleg bru var mura opp. Eine løda på plassen var bygd rett under fjellhammaren. Det vert sagt at bonden kom på besøk til husmannen andre juledag for å krevje inn den årlege leiga for husmannsplassen. Leiga var ein bolle med øl.
På vegen over Seltunåsen er mykje av utsikta skjerma av skog, men i ei lysning har ein flott utsikt over til hi sida, der ein ser husmannsplassen Galdane og den store fossen like ved.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar