mandag 11. juni 2018

Blomar på torget

Som politikar diskuterer eg ofte livet i Volda sentrum, og forretningsdrifta der. Eg prøver derfor å vere litt flink til å handle lokalt, sjølv om eg likar å shoppe på Eid, i Ørsta og på nett i tillegg. Eid og Ørsta er nabobygder, og det er no betre enn å handle på internett. Problemet er at eg sit mykje med pc og ser på diverse, så freistingane er mange.

I dag gjekk eg gjennom torget i Volda, og der stod ein mann og selde flotte sommarblomar til ein svært overkomeleg pris. Under påskot av å skulle handle lokalt kjøpte eg meg eit par raude sommarblomar, så no har eg sett ut kvite margerittar, blå lavendel og desse raude i bedet oppe ved syrinen. Eg har ingen raude blomar utanom rosene, viss ein ikkje reknar dei burgunderraude spireaene.

Det vart ei lita hagevandring etter utplanting, og det er mykje pent som kjem no etter kvart. Det skal bli kjekt med ferie og god tid til å pusle rundt - viss vêret vert nokolunde.
To raude frå torget

Irisen er ikkje så imponerande som andre år

Rosa lupinar 

Desse har eg mange av, lav plante med rosa blomar

Storkenebb, hagevariant

Usikker på namn, men sjå humla!

Fin til bukettar

Nyplanta løytnantshjarte, min absolutte favoritt

2 kommentarer:

  1. Vi brukte å plukke inn løytnantshjarte og studentknappar til din gebursdag.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det hugsar eg godt. Og ballblom. Eg veit omtrent kva stauder som pla bløme rundt min bursdag, sidan vi alltid pynta med heimedyrka blomar til selskapa. Og så hadde vi muffins, og kveitebollar med pålegg (tomat og egg, til dømes). Og Stein-Inge-kake. Trur eg må lage eit retroselskap i løpet av ferien.

      Slett