mandag 23. juli 2018

Ny veke, nye prosjekt

Det har vore stillstand i hagen sidan torsdag på grunn av Malakoff, og i dag var det meldt regn ut på ettermiddagen. Det var mykje eg burde gjere, og eg klipte først plenen på oppsida av huset. Deretter kasta meg over beda og luka dei nokolunde - men eg gjekk lei midt i storebedet. Det vart liksom litt stilleståande arbeid. Eg hadde på litt mold og rosegjødsel i og med at det var meldt regn.

Ein thuja (?) på nedsida av huset har irritert meg i lengre tid. Den har blitt så stor at den hindrar utsikt frå kjøkenglaset, og den kastar skugge over delar av eigedomen mykje av dagen. Eg trudde først det skulle vere ei smal sak å sage den ned, men der er fleire stammar og mange greiner i vegen. Det nye prosjektet vart derfor å sage av greiner med handsag, slik at ein skal nå inn til stammane med ei større sag. Det var ikkje så tungt som å sage mispel, så eg fekk unna ein heil del utan problem.

Ei kollegavenninne kom innom akkurat då eg burde ta kaffipause, så vi fekk oss ein lang og hyggeleg prat. I tillegg fekk eg ein flott goodybag med diverse reisetoalettsaker og godsaker, så no fekk eg lyst ut på tur. Eg har ikkje lagt planar for resten av ferien, anna enn at eg hadde tenkt å skrive på masteren min, men det kan no bli helgaturar og haustferietur før ein anar det.

Etter at ho reiste, kverna eg mesteparten av dei greinene eg hadde saga av. Det begynte å regne til slutt, og då var det i grunnen på tide å gi seg. Eg hadde gløymt å ete på ti timar, til dømes, så eg var nær ved å besvime.

No har det regna mykje, og det er fare for mastervêr i morgon.
Før

Etter

Goodybag

2 kommentarer:

  1. Lurt å ta thujaen litt og litt, og rydde opp etter kvart. Då kan ein ta pauser innimellom. Tek ein alt på ein gong blir det berre stress. Ser no fint ut no!

    SvarSlett
  2. Det var litt sol medan eg saga, og det var inspirerande å sjå kor mykje skugge som forsvann for kvar grein eg saga av.

    SvarSlett