I dag var det så varmt ute at eg ikkje orka anna enn å vatne hagen. Litt luking vart det, og litt lesing i sola, men mest vatning. Eg hadde eigentleg tenkt meg på handel, men så vart eg billaus igjen og måtte halde meg heime.
Om kvelden grilla vi på verandaen. Då hadde sola gått ned og skodda kome sigande, så idyllen var ikkje den same.
|
Endeleg spratt ei slik lilje ut. Eg har mange som står med knoppar. |
|
Planta i fjor |
|
Denne trudde eg var daud eller at eg hadde luka den vekk. Kjøpt og planta i fjor, kjem att litt stakkarsleg i år. |
|
Timian - eller ugras? Eg planta timian i fjor, men synest den har spreidd seg veldig fort... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar