Det blir ofte til at vi samlar familien hos oss i påska, for å feire bursdagar i mars/april. Menyen var i dag, som så ofte elles, hjortegryte til middag og diverse kaker til kaffien. Systa stilte med karamellpudding til dessert (oppskrift og framgangsmåte finst på bloggen hennar) og bestemødrene stilte med kjøpte og heimelaga kaker. Vitsar og papirkruner er toppen på kransekaka slike dagar. Vi takkar for koseleg besøk, medbragt mat, blomar og gåver.
torsdag 9. april 2009
Selskap på skjærtorsdag
Det blir ofte til at vi samlar familien hos oss i påska, for å feire bursdagar i mars/april. Menyen var i dag, som så ofte elles, hjortegryte til middag og diverse kaker til kaffien. Systa stilte med karamellpudding til dessert (oppskrift og framgangsmåte finst på bloggen hennar) og bestemødrene stilte med kjøpte og heimelaga kaker. Vitsar og papirkruner er toppen på kransekaka slike dagar. Vi takkar for koseleg besøk, medbragt mat, blomar og gåver.
onsdag 8. april 2009
Fornying av Gamla
Om dokumentasjon og motivasjon
I går hadde Eldstejenta og eg ein samtale om kva skilnaden mellom første og fjerde barn er. Då ho var lita, skreiv eg ned kvar minste steg i utviklinga, så vi har dokumentert første smil, første gong ho stod aleine og kva tid ho fekk tenner. Med dei hine ungane har det blitt mindre og mindre dokumentasjon - dei lærte å gå om lag i 1 - 2-årsalderen.
Men no har vi blogg!
Minstemann hadde i dag ei laus tann - si aller første. Medan foreldra var i Volda, tok Nummer 3 affære og trekte tanna ut. Det hadde blitt utlova premie, så det spørs om det var det som var motivasjon. (Nytt play station-spel kom til gards, noko dei tre yngste sette umåteleg stor pris på.) Uansett: 8. april 2009 miste Unge Indiana si første tann. No er det solid dokumentert, så får det heller vere med første smil og første steg.
Kommentaren frå Nummer 3 var: "ej skal iallfall ALDRI bli tannlege. Blææææk."
tirsdag 7. april 2009
Kuriositet (eigentleg skulle eg ha funne eit ordspel om kua som har vore kalv, til dømes ku-riositet, men eg kom ikkje på noko)

I gamle album kan ein finne mykje artig. Då eg var russ(epresident) i 1988, var det lærarstreik i vidaregåande skule. Etter at dette vart skrive, gjekk lærarane våre ut i overtidsnekt, så det fekk fleire følgjer enn utklippet gir inntrykk av. Vi fekk opp til fem timar mindre undervisning i veka ("Meir fritid, huff så leit"). Eksamen vart dessutan redusert, og avgangskullet gjekk såleis ut av vidaregåande med berre to skriftlege eksamenar og ingen munnleg. Sidan dette var eit unntaksår, vart vitnemåla våre likevel rekna som fullstendige.
Eg synest det er spesielt sjarmerande å lese om min store sympati for grunnskulelærarane, og så er det morosamt å vite at journalistspiren som skreiv dette stykket var og er saman med ei barndomsvenninne av meg, og at han mellom anna har leia Kanal 24.
Nedst på utklippet ser de forresten legendariske S. Folsvik, som var æresruss, og som hadde "den rakaste ryggen på heile Gymnaset"
Pynte til påske

d

Få ting gjer meg så sur som husarbeid. Men det må til. Dei tre eldste er flinke til å hjelpe til, men blir utålmodige når ein kompis eller ei venninne ringer. Og så må dei ha tydelege instruksar: DU tørkar støv av hundepremiane, DU pussar vindauge og DU går ut og skjer nokre greiner til å lage påsketre av. Med tilhøyrande peiking. At minst to av dei bruker headset og må ropast til, gjer ikkje saka betre. Men her blir reint og ryddig, og vi har fått på plass den tradisjonelle påskepynten med harar, kyllingar, hanar og høner i kvar ei krå. Nummer 3 fann på eige initiativ noko som skal bli påskeliljer, som vi sette i vase. Det er også ho som har komponert oppsatsen på det fatet vi bruker til alle selskapelege høve - vi fann det då vi flytta til gards, og sidan har det blitt fast takst å pynte fatet til jul, påske og alle andre samankomstar.
I bloggande stund er alle borna forsvunne ut, og eg har fått på lydbok og styrer på vidare, unntatt denne datapausen. Det skal bli fint å setje seg ned med stilar seinare i dag...
mandag 6. april 2009
Nytt byggeprosjekt
Bok 20 2009: "Jeg forbanner tidens elv" av Per Petterson

Eg begynte på denne lydboka same dagen som Per Petterson fekk Nordisk Råds litteraturpris for den. Då eg las nyheita, hadde eg høyrt mykje av boka og blitt veldig begeistra. Petterson skriv om "de nære ting" - denne gongen om ein middelaldrande son og den kreftsjuke mora hans - men skrivemåten gjer det så uendeleg mykje betre enn det mange andre forfattarar greier å prestere. Det er vanskeleg å sette ord på kva det er; kanskje er han meir direkte, meir ærleg eller meir "folkeleg" i den forstand at ein skjønar korleis hovudpersonen tenkjer og føler. Menneske som trur dei kjenner kvarandre godt fordi dei har levd tett på kvarandre mykje av livet, viser nye sider ved seg sjølve når livskrisene innhentar dei. Ei nydeleg bok, men som vanleg hos Petterson, kjem slutten så brått på at eg vert litt skuffa.
I desse påskeharetider...

Eldstejenta har alltid vore glad i gode historier, og i tidlegare år las eg mykje til henne. Mange av bøkene kunne ho nesten utanat - og eg òg, naturleg nok. Det vedlagde biletet er eit "kvardagsbilete" frå vinteren 1998, der vi saman les kapittelet om bakarmesteren og bakarguten iført enkle kostyme.
søndag 5. april 2009
Hekta på hekser?

....og så fann eg dette biletet av Eldstejenta og meg, frå mars 2000, då vi som vanleg hadde utkledingsselskap. Ho feira bursdagen sin tre gongar kvart år i den tida - naboar, klassevenninner og familie. Naboselskapet var alltid utkledingsselskap.Vi foreldra kledde oss sjølvsagt også ut, og dette året stilte eg som høggravid heks. Eg skremde forresten ein av naboane, som trudde eg hadde vore litt uheldig med sminka.
Det kjekkaste var å servere pølser og brød og gå rundt og spørje ungane om dei skulle ha "blod og gørr" på. Det var nokre av ungane som tok imot ketchup og sennep berre fordi det hørtest så tøft ut.
Mimrestund

























Det går mot ny bursdag og ny feiring, og eg har vore innom nokre album frå perioden 1997 - 2000 for å finne nokre bilete som syner Nummer 2. Mange av bileta frå den tida er av Eldstejenta og Nummer 2, for ho vart på ingen måte gløymd då ho fekk ein yngre bror. Tvert om måtte han delta i hennar utkledingsselskap, leike med Barbie (eller helst Ken) og dilte etter henne i all hennar leik. Og fordi han var så søt og morosam fekk han lov til det.
Guten var nesten alltid blid, åt all mat han fekk, sov heile natta frå han var bitteliten og var ein premiebaby på alle måtar. Mora vart så rastlaus at ho begynte å gå på treningssenter då han var ein månad gammal... Seinare fekk vi vår fulle hyre med å springe etter han - heile Hofsetråsa hugsar han korleis han sprang rundt med sverd i handa og smokk i munnen og ropte "SATAN" då han leika sjørøvar.
Kavalkaden vert både starta og avslutta med besøk på barselavdelinga, og dei gløggaste der ute forstår sikkert at det kjem ein ny biletserie ut i mai ein gong.
lørdag 4. april 2009
Det einaste eg ønska meg var ein solskinnsdag med skyfri himmel
Når meldingane er tvilsame, må ein nytte høvet når det byd seg. I dag låg skodda graut-tjukk i låglandet, men på fjellet strålte sola frå skyfri himmel. Dei to eldste og eg gjekk inn til Movatnet, medan dei tre andre kom
Vi møtte forresten ei hyggeleg dame på turen som fortalde at ho les bloggen - derfor helsar vi spesielt til henne i dette innlegget.
Bok 19 2009: "Jenta som lekte med ilden" av Stieg Larsson

Då eg las den første boka i Millenniumsserien hausten 2007, hadde eg problem med å legge den til side. Det vart ei natt eller to utan søvn fordi eg berre "måtte" lese vidare. God krim skal vere slik. Men kva med bok nummer 2 i serien? Eg har berre to ord: "daff" og "gørr". I dag måtte eg ta meg saman for å orke å lese slutten. Den tredje skal visst vere betre, så ein kan no håpe at årets påskekrim i bokform er til å halde ut. Uansett er dette bøker ein "må" ha lese.
torsdag 2. april 2009
Bok 18 2009: "Hjem" av Anne Karin Elstad

Forfattaren er kjend for å skrive relativt realistiske bøker, og denne boka er sjølvbiografisk frå hennar eigen barn- og ungdom på Nordmøre. Boka inneheld ikkje så mange spennande historier, men ein får eit godt innblikk i bygdelivet på 1940- og 50-talet. Eg har lese det meste ho har skrive tidlegare, sjølv om eg ikkje er så imponert at det gjer noko. Lett lektyre på øyret var det i alle fall.
onsdag 1. april 2009
Gøy på landet
I nabohuset bur det tre kjekke gutar på alder med dei tre yngste her i huset. Somme dagar, som i dag, er desse seks i full gang med alle slags prosjekt. Dei to eldste har halde på med trehytte-bygging, medan dei to mellomste har ei salsbod som dei har drive og snekra på siste månaden. Dei to yngste, som er 5 og 4, diltar etter og er med "på kjøt og flesk". Minstemann stiller som alltid i cowboyhatt, og naboens minste stilte i dag i fullt sjørøvarantrekk.
12 år og tennisskor?
Nummer 2 har snart bursdag, og sidan det i går var min tur å kjøre Gutta på hiphop, passa det fint å kjøpe bursdagsgåve. Guten har eit djupt og inderleg ønske om å kjøpe klede på Blend, men han er for liten. "Då må du drikke mykje melk", seier Gamla, og håper at det skal kome noko positivt ut av problemet. Om det er mogleg å drikke seg opp tre skonummer? Ikkje veit eg, men det er i alle fall verd eit forsøk. I mellomtida kan dei nye Converse-skorne gjere nytta.
Abonner på:
Innlegg (Atom)