søndag 5. april 2009

Hekta på hekser?


....og så fann eg dette biletet av Eldstejenta og meg, frå mars 2000, då vi som vanleg hadde utkledingsselskap. Ho feira bursdagen sin tre gongar kvart år i den tida - naboar, klassevenninner og familie. Naboselskapet var alltid utkledingsselskap.Vi foreldra kledde oss sjølvsagt også ut, og dette året stilte eg som høggravid heks. Eg skremde forresten ein av naboane, som trudde eg hadde vore litt uheldig med sminka.

Det kjekkaste var å servere pølser og brød og gå rundt og spørje ungane om dei skulle ha "blod og gørr" på. Det var nokre av ungane som tok imot ketchup og sennep berre fordi det hørtest så tøft ut.

1 kommentar:

  1. Trur du arva noko av heksekostymet etter meg?
    Ja, Ingeborg var tidleg ute med all slags rolleleikar og "opptreden"-Tidleg krøkast osb.

    SvarSlett