torsdag 2. april 2009

Bok 18 2009: "Hjem" av Anne Karin Elstad


Forfattaren er kjend for å skrive relativt realistiske bøker, og denne boka er sjølvbiografisk frå hennar eigen barn- og ungdom på Nordmøre. Boka inneheld ikkje så mange spennande historier, men ein får eit godt innblikk i bygdelivet på 1940- og 50-talet. Eg har lese det meste ho har skrive tidlegare, sjølv om eg ikkje er så imponert at det gjer noko. Lett lektyre på øyret var det i alle fall.

3 kommentarer:

  1. Eg vil ikkje kalle det stor litteratur. Men det at ho ser tilbake på livet og fortel si eiga historie, gjer inntrykk. Kanskje noko for dagens ungdommar som tek fritid og utdanning t.d. som ei sjølfølgje!

    SvarSlett
  2. Eg har sjølvsagt lese denne boka også. Utan å bli imponert! Forfattaren er berre litt eldre enn eg, trur eg, men frå eit anna miljø. Mykje av tidsånda kjenner eg att,men eg syntest at ho var VELDIG prektig og flink for alderen,då- -
    Å skrive si eiga historie er vel mest interessant for seg sjølv og dei næraste pårørande.Men som eg har sagt mange gonger før:Elstad skriv same historia om att og om att, og den første var best(Folket på Innhaug).

    SvarSlett
  3. Einig med Besta. Det vart litt "jeg laget verdens beste hjemmelagede kjøttkaker med kålstuing i en alder av fem år - etter at jeg hadde tatt fjøset alene og gjort leksene til storebroren min."

    SvarSlett