mandag 6. april 2009

Bok 20 2009: "Jeg forbanner tidens elv" av Per Petterson


Eg begynte på denne lydboka same dagen som Per Petterson fekk Nordisk Råds litteraturpris for den. Då eg las nyheita, hadde eg høyrt mykje av boka og blitt veldig begeistra. Petterson skriv om "de nære ting" - denne gongen om ein middelaldrande son og den kreftsjuke mora hans - men skrivemåten gjer det så uendeleg mykje betre enn det mange andre forfattarar greier å prestere. Det er vanskeleg å sette ord på kva det er; kanskje er han meir direkte, meir ærleg eller meir "folkeleg" i den forstand at ein skjønar korleis hovudpersonen tenkjer og føler. Menneske som trur dei kjenner kvarandre godt fordi dei har levd tett på kvarandre mykje av livet, viser nye sider ved seg sjølve når livskrisene innhentar dei. Ei nydeleg bok, men som vanleg hos Petterson, kjem slutten så brått på at eg vert litt skuffa.

4 kommentarer:

  1. Eg er veldig glad i denne forfattaren.(Men har ein tendens til å blande han med Niels Fredik Dahl-ein forfattar som får alt for lite merksemd!)Veit ikkje korleis eg best skal uttrykke det, men bøkene hans er "varme". Ikkje lenge sidan eg las denne boka, så den ligg på bloggen min.

    SvarSlett
  2. Sjølv har eg ein tendens til å blande han med Levi Henriksen - heilt tilfeldig, fordi eg fekk sansen for dei på same tid.

    SvarSlett
  3. For meg har det også med samanfall i tid(Ut å stjæle hester og I fjor sommer) -og same opplesar(Jan Grønli) å gjere.

    SvarSlett
  4. Eg vart skuffa over boka. Ho var bestseljar då eg las henne. No har han fått Nordisk råds litteraturpris for boka, og eg sit att som eit spørsmålsteikn.

    SvarSlett