søndag 19. juli 2009

Tåkeprat





Tidleg i sommar gjekk eg opp frå Geitvika og eit stykke oppover og innover til eg gav opp å finne det som vart dagens turmål: setra i Norddalen. Det var ikkje heilt enkelt å finne råsa innimellom alt ormegraset, men eg kom no fram til setra til slutt - trur eg. Skodda gjorde det vanskeleg å sjå klart, men eg kom i alle fall til eit vatn, og der var ei demning og nokre sel og hytter som indikerte at eg var på rett stad. På veg ned begynte det å pøsregne, så det vart skikkeleg sleipt å gå.

Mislukka dag? Langt ifrå! Det var ein minneverdig tur som eg gjerne går igjen - i klarvêr...

lørdag 18. juli 2009

Feriegjester


Familien til Elvis og Billy er på ferie, så no har vi starta hamsterpensjonat. Gamla er røynd hamsterrøktar (nokon som hugsar Bertil?), og ungane synest det er spennande med fleire dyr i hus.

Blant blåbær og klegg



I dag vart det berre ein snartur i Brundalen for dei to yngste, Bau og meg. Gubben heldt på med sitt ferieprosjekt, og i løpet av dagen kom resten av selet under torva. Naboen held på med eit spennande byggeprosjekt på uteplassen sin, og vi var bortom og inspiserte. Grillrommet er blitt kjempefint, og utepeisen kan bli bra den òg, sjølv om murarmeisteren sjølv er noko i tvil...

Ungane og eg var på stranda, i kjend stil. Ferie for meg er å sitje i ein strandstol, helst med lydbok på øyrene, og ikkje ha anna å gjere enn å vifte vekk innpåslitne kleggar. Og så fann vi blåbær langs vegen, så då vart sommarkjensla nesten perfekt. Sola var nemleg berre delvis til stades - kanskje ho er bortreist i ferien?

fredag 17. juli 2009

Tilbake til byn


I dag hadde eg ei slyngarrunde til Ulsteinvik, der vi budde i perioden 1993 - 2000. Målet for turen var å treffe att ei venninne som eg støtte borti på Overåsanden før Sverigeturen, men det vart òg eit gjensyn med fleire kjende. Vi spiste lunsj (inkludert kake) på Kaffikari - absolutt verd ein visitt!

Biletet av W og nummer 3 er frå 2001 - det året vi reiste til London ilag for andre gong (første gong var med kollegiet i 1996, andre gong hadde vi med 30 elevar). Vi har mange morosame minne, og vi deler humor og ein del syn på viktige verdiar i livet. Det var veldig kjekt å møtast att, og det blir sikkert ikkje lenge til neste gong.

Gubbens ferieprosjekt




Gubben har i dag hatt god hjelp av eigne og naboens barn til å legge torv på nesten resten av taket på selet i Brundalen.

Abort som valkampsak - kor usmakeleg kan det bli?


Kristent Samlingsparti har kome med årets hittil mest usmakelege politiske valkampvideo, der ein mellom anna viser aborterte foster (nokre er over 12 veker gamle). Eitt av dei mest makabre bileta er av ein lege som held hovudet til eit foster i handa. Spørsmålet er, som så mange gonger før: kvar skal grensa for ytringsfridomen gå? Og kvar blir nestekjærleiken av? Det verste er at såpass kontroversielle tema blir fanga opp av media og gir partiet etterlengta merksemd - og såleis kanskje nye tilhengjarar. Eigentleg burde ein derfor ignorere utspelet, og i alle fall ikkje blogge om det, men samtidig er dette altfor grovt til å kunne passere utan kommentarar.

Max Manus - betre seint, eller aldri?


Det er ofte slik, når det gjeld filmar som "alle" ser, at Gamla ikkje ser dei før dei kjem som DVD til 99 kroner i matvarebutikkane. No var turen komen til "Max Manus". Alt låg til rette for at dette skulle vere ein film for meg, men er eg imponert? NEI! Gjennom første helvta av filmen irriterte det meg at Max Manus var ein utkledd Aksel Henie - svært lite overtydande skodespel, noko som kom seg etter episoden på toget. Elles irriterte det meg at ein ikkje fekk så godt innsyn i korleis motstandsfolka planla aksjonane. Alt i alt likte eg filmen relativt dårleg, sjølv om eg i eigne auge er over middels interessert i historie.

torsdag 16. juli 2009

Bok 44 2009: "After dark" av Haruki Murakami


Dette er den tredje romanen eg les av den populære japanske forfattaren, og det er også den enklaste. Og då meiner eg enkel i tydinga "lett tilgjengeleg". Her er fleire forteljingar knytt saman, men mest sentralt står Mari, som sit på ein nattcafé og les fordi ho ikkje aklar problema heime. Heile handlinga går føre seg i løpet av ei einaste natt, og staden er Tokyo. Tittelen er henta frå ein jazzmelodi, og der er noko visst jazzprega over romanen òg, utan at eg greier å uttrykkje det noko klarare. Det har noko med melankolien og stemninga å gjere, trur eg, og stemma til Nina Woxholtt forsterkar dette.

Ny dødsulukke
























I dag skulle eg vere sprek igjen, og la derfor ut på sykkeltur rundt Austefjorden til Volda. Då eg hadde kome til Ullaland, kom familien etter med bil. Dei hadde ei sjokkmelding til meg om ei ny, tragisk bilulukke med lokale ungdomar involverte. Det er berre ufatteleg trist når slikt skjer, og ein manglar ord. Bygdesamfunnet her har vore hardt ramma denne våren/sommaren - det er den tredje dødsulukka sidan påske, og det har vore ungdomar involverte i alle. Faktisk har så mange som åtte personar frå Ørsta/Volda omkome denne våren/sommaren - alle under 30 år.

Eg fekk tilbod om å sitje på vidare i bil, men sykla resten av vegen òg - mest for å få tid til ettertanke. To av dei som har omkome denne våren har vore tidlegare elevar, og det gjer det ekstra vondt å tenkje på kontrasten mellom liv og død, og på det ufattelege saknet familie og vener må kjenne.

Kakemonster - eller matvrak?




I dag har eg slått alle rekordar når det gjeld kakeeting, trur eg. Og anna eting, for den saks skuld. Sidan eg stod tidleg opp, fekk eg tid til å ete frokost to gongar før eg reiste til Ørsta. Der gjekk eg på café og åt to kakestykke (mannen bak disken såg litt rart på meg) og drakk ein dobbel mocca. Seinare fekk eg i meg både middag, frukt og nøtter, før fotballjentene laga brownies som vi åt ved midnatt. No sit eg her og er passe kvalm (eg skulle ikkje ha ete dei siste fem browniesstykka, eller i alle fall droppa isen attåt).

Minstemann er forresten svært begeistra for venninna til Eldstejenta. Ho tillet meg å legge ut bilete av dei, men ber meg skrive at ho er usminka. Eldstejenta kommenterer frå sidelinja at eg kjem til å formulere det på ein særs lite kul måte. Noko eg sikkert nettopp har gjort.

onsdag 15. juli 2009

Bok 43 2009: "Tett inntil dagene - fortellingen om min mor" av Mustafa Can


Det er ikkje så mykje originalt ved denne boka, som fortel om den kurdiske familien Cans liv i tyrkiske Kurdistan og i Sverige. Boka problematiserer, som så mange andre innvandrarromanar, kulturell omstilling og generasjonsskilnader. I tillegg møter vi ein eg-person som i vaksen alder vert kjend med foreldra sine, og som reflekterer over konsekvensane av utvandringa.

Personleg synest eg det var ei lette å sleppe å lese om vald og tvangsekteskap i ein slik roman. I staden får vi høyre om den tunge lagnaden til mora, som opplever at sju av dei femten borna hennar døyr. Vi får ta del i kloke tankar og kjærlege kjensler, og vi høyrer om hardt arbeid og god arbeidsmoral. Eg-personen er som barn veltilpassa, skuleflink og god til å spele fotball, men slit med skam over ei mor som ikkje kan bake kanelbollar og som går med sjal - noko han ber henne om orsaking for når ho ligg på dødsleiet. I det heile får ein eit positivt inntrykk av den kurdiske familien, og det grensar til å bli noko sentimentalt til tider.

Men vi overlever sentimentalitet viss historia er god nok, gjer vi ikkje?

14. juli 1968

Gamla turar vidare







Dagen i dag vart svært sprek. Først sykla eg ei mil med den eine hunden, deretter tok eg med den andre på tur medan Eldstejenta var på besøk på Sæbø. Eg hadde tenkt meg i Kvanndalen, men hadde inga aning om korleis eg skulle kome meg dit, så eg enda opp med å gå rundt Bjørdalsvatnet. Midtvegs rundt vatnet møtte eg ein hyggeleg kar som kunne forklare meg korleis eg skulle kome meg til mitt nye turmål. Eg skunda meg vidare, og no hadde eg ingen problem med å følgje rettleiinga hans (bortsett frå at eg parkerte der det står "køyring berre ved særskilde løyve" eller noko slikt, lovlydig som eg er) (mannen hadde sagt eg skulle køyre vidare oppover).

Setra i Kvanndalen er prega av vasskraftutbygging, men der var nydeleg kveldssol til eg gjekk nedatt i 22-tida, så noko idyllisk var det. Ein flokk kviger hadde forresten lyst til å vere med nedatt, noko som skremde Bianca (og nesten meg òg, faktisk). Heldigvis kom det ein "bon" oppover som kunne freiste dei innpåslitne kyrne med noko godt - noko vi ikkje hadde planar om.

Treng eg nemne at eg hadde nesten 30000 skritt i dag, i tillegg til syklinga? Det kvalifiserer for eit ekstra kakestykke på café i morgon...

mandag 13. juli 2009

Bloggurat

Nok ein gong dumpar eg borti ting eg ikkje har greie på... kva er dette? Og dette: http://bloggurat.net/minblogg/registrere/67fdb87c58be9ac858cb263d85f025377f6c5ce6

Eg lurer dessutan på kva tid "å pinge" vart eit verb i norsk...

Bok 42 2009: "Gulldronning, perledronning" av Margaret Skjelbred


Signhild er ei traumatisert jente som endar opp med å bu hos morfaren, som lærer henne å takle verda rundt seg ved å fortelje eventyr og anna folkedikting. Diktinga gir dei omgrep og forklaringsmodellar for å takle dei vonde tinga jenta har opplevd, men òg som utgangspunkt for å skildre positive kjensler for kvarandre. Parallelt med denne hovudhandlinga, som kjem fram gjennom retrospeksjon, får vi høyre fleire gripande historier om kjærleik og misbruk. Dersom eg skal nemne ei svakheit ved romanen, er det at forfattaren bryt ut av det poetiske eventyrspråket og forklarer litt for tydeleg det vi som lesarar allereie har forstått. Likevel er dette ei såpass gripande bok at hovudinntrykket er svært positivt, på ein lettare tårevåt måte.

Bok 41 2009: "Den utrolige og sørgelige historien om den troskyldige Eréndira og hennes hjerteløse bestemor" av Gabriel García Márquez

Det tek litt tid og trening å kome inn i den magiske realismen, men når ein først gjer det, er det ein ny litterær dimensjon som opnar seg opp. Novellesamlinga eg no har lese er ei samling av sju tekstar som er frittståande, men som til dels vert knytte saman i den siste, og beste, novella.

I magisk realisme er alt mogleg; her er ein mann med venger, eit hav som luktar av roser og ei bestemor med grønt blod. Midt i alt dette ser ein likevel også her sentrale tema som kjærleik og død.

søndag 12. juli 2009

Med på tur: rotte, prompepulver, barnevernet og ei heilt spesiell bestemor

Våren 1995 underviste eg om barnelitteratur på høgskulen i Volda. På det tidspunktet leika eg litt med tanken på å studere emnet vidare, for det var verkeleg noko som engasjerte meg (eg er redd studentane ikkje var fullt så engasjerte). Vi studerte gamle barnebøker som "Heidi" og tante-bøkene til Elsa Beskow og såg nærare på kva verdiar som vart formidla gjennom slik litteratur. Vi såg dessutan på moglege tolkingar av "Ronja rövardotter" og "Folk og røvere i Kardemomme by" (det var då eg etter ei utgyting om kjønnsrollemønsteret i den sistnemnde boka fekk kommentaren "no he du ødelagt dinna boka for mej"), og vi såg på trendar og tendensar i barnelitteratur, som ofte speglar resten av samfunnet.

Det er kanskje juks å blogge om barnebøker i "årsrekneskapet", men eg kan no nemne litt om dei lydbøkene vi har høyrt på i bilen til og frå Örebro.

For det første er eg veldig glad i "Svein og rotta"-bøkene til Marit Nicolaysen, og denne gongen var rotta Halvorsen med på rafting. Bøkene fortel om vanlege menneske, og innhaldet er temmeleg realistisk. Noko av det mest morosame i boka er at Svein møter ein gut som har ei syster som er hjerneskadd, og han begynner då å behandle veslebroren Magnus betre i tilfelle det er hjerneskadd han er, og ikkje berre dum og med dårleg smak. Terje Strømdahl les på lydbøkene, og han er fantastisk flink.

Når det gjeld Jo Nesbø, må eg seie eg vart skuffa over "Doktor Proktors prompepulver", og det vart ikkje til at eg sette på den andre boka om doktoren. Dette var ei langt mindre realistisk bok, og humoren var mykje i underbukseområdet. Å dumme ut uærlege og griske vaksne er dessutan eit noko forslite motiv.

Årets store positive overrasking var forfattaren Bjørn Ingvaldsen, som mellom anna har skrive "Jada, jada, jada" og "Neivel, da". Også her møter vi ein vanleg kjernefamilie, men der det i tillegg finst ei bestemor som er så forferdeleg at foreldra ikkje vil fortelje Elias om ho er mormor eller farmor. Bestemora kan minne om ein ekstremvariant av Karlson på taket - ho er sjølvsentrert, uærleg, uhøfleg, hemngjerrig og gnien, men vi vaksne les mellom linjene at ho likevel, på sin eigen sære måte, er god på botnen. Eg er usikker på kva føremål slik litteratur kan ha, men bøkene sette i alle fall i gang ein tankeprosess når det gjeld grad av sosialisering versus individualisme.

Den siste boka fekk vi ikkje høyrt ferdig, men den var svært god så langt. Endre Lund Eriksen les sjølv på lydboka "Pitbull-Terje og kampen mot barnevernet", og han les utruleg godt med ulike dialektar og sosiolektar som passar godt på dei ulike karakterane. Handlinga i boka kan minne om ei ungdomsbok frå 1970-talet, med to 13 år gamle "taparar" - den eine med alkoholisert aleinefar og den andre med aleinemor med angst - men stemninga er langt meir optimistisk og løysingsorientert enn den ville ha vore for 30 - 40 år sidan. Gubben har arbeidd mykje i og med barnevernet, og han var spesielt begeistra for forfattaren sin evne til å skrive frå ungdomane sitt perspektiv.

Med det aldersspennet vi har i familien, er det vanskeleg å finne bøker som passar for alle. Etter mitt syn skal ei god barnebok vere underhaldande for vaksne òg, og dei bøkene vi lytta til i år var godt eigna for både store og små. Eg kjem til å kjempe mot DVD-spelar i bilen til siste slutt - kva høve har vi elles til å lese fem-seks bøker saman heile familien?

Sommaren är kort - det mesta regnar bort...





















































Vi er heime att frå årets familiecamping i Sverige, og som dei andre i familien legg eg ut nokre bilete som stemningsrapport.

Fredag, då vi reiste heimanfrå, kjørte vi nedover i 30 varmegrader og steikande sol. "Tradisjonen tro" fekk vi eit trafikkproblem då eine hjulet/felgen på campingvogna gjekk til Bøvels på Otta, og Gubben fekk litt av ein jobb med å skaffe hjelp. Løysinga låg på Lillehammer, så vi kjørte dit utan vogn, ungane og eg la oss inn på campingplassen og Gubben kjøpte nytt hjul og kjørte attende til Otta for å hente vogna.

Laurdag kom vi til Örebro, der vi møtte det meste av slekta og hadde trivelege dagar i sol og regn. Vi samla oss i Wadköping då Besta, Besten og vi tre søskena var samla, og vi hadde grillkveld saman med Moldensarane. Det vart diverse besøk i badeland, eitt besøk i leikeland og fleire måltid på McDonald's, og vi her i huset er vel samde om at vi hadde det veldig kjekt, sjølv om det vart meir regn enn vi er vane med frå ferieturane våre. I badeland er vêret stabilt og varmt, og små og store fekk ulysta seg når det gjaldt bading.

Bok 40 2009: "Om Amor og andre demoner" av Gabriel García Márquez

Etter eit sensoroppdrag fekk eg fornya interesse for magisk realisme, noko som resulterte i ein liten bunke med colombianske bøker frå biblioteket. Den øvste boka i bunken var ei historie om ei jente som vert biten av ein rabiessjuk hund. Ikkje nokon stor roman verken når det gjeld volum eller innhald, sjølv om den omhandla djevelutdriving og ulike kulturar i Karibia. Det beste ved romanen, etter mitt syn, er måten forfattaren etablerer personlegdomane til karakterane på.

Bok 39 2009: "Øya" av Victoria Hislop


Dette var ei bok eg hadde gleda meg til å lese, og den innfridde verkeleg. Handlinga er lagt til Kreta, der ein isolerer spedalske på ei lita øy utanfor resten av samfunnet. Tida spenner over fleire generasjonar, og sentralt står store kjensler som kjærleik, tilgjeving og forståing for andre sine standpunkt. Notidas personar får større innsyn i eige liv ved å høyre om dramatikken frå fortida, men utan at det heile vert svulstig eller melodramatisk. Absolutt verd å lese.

Takk til K for kjempefin bursdagsgåve!

fredag 3. juli 2009

Gratulerer med dagen, Systa!


Som eldst i flokken tok ho tidleg ansvar, og eg kan hugse at eg til tider hadde meir respekt for Systa enn for mamma. Systa var for meg personifisert fornuft, og det er framleis lite vits i å krangle med henne, sidan ho som regel har rett. I utgangspunktet hadde vi svært ulike personlegdomar, men med åra har vi blitt "likare", som elevane ofte skriv. Systa har lært meg mykje - eg har mellom anna fått mange gode tips om barnestell, som er eit endelaust tema for oss firebarnsmødrer. Vi kan dessutan diskutere hagestell, data, litteratur, jobb og matlaging, for å nemne noko. Humoren er aldri langt unna, og Eldstejenta her i huset plar herme etter måten vi systrene ler ilag på.

I fjor feira vi dagen hennar i Örebro, og vi får ta eit oppsamlingsheat der i år òg. Vi gratulerer, og gler oss til trivelege dagar ved bassengkanten.
Illustrasjonsbiletet er forresten frå 1981 og er teke same dag som ho tok biletet av meg i den lyserosa gensaren. Posituren er nokolunde den same, og det er truleg ho som har stått for arrangementet. Systa jobba på den tida som ekstrahjelp på ein fotobutikk der eg òg fekk jobb etter kvart.

torsdag 2. juli 2009

Siste dag i barnehagen!



































I dag har Minstemann avslutta karrièren i Folkestad barnehage, og som avskilsgåve fekk han ein cd med bilete på. Eg legg ut nokre bilete frå russetida hans - mellom anna ein russetur til akvariet i Ålesund.

21 års bryllaupsdag


I dag er det 21 år sidan Gubben og Gamla gifta seg - noko eg vel å markere med eit bilete frå ein søndagstur i Lisjedalen våren 2003.

Vi brukte å vitse om det før, at vi skulle "ete ute" - personleg er eg glad i både fine restaurantar og turar i skog og mark.

Bryllaupsdagen blir feira med pakking og ferieførebuing...

onsdag 1. juli 2009

Utflukt til Overåsanden

I dag skulle gutta til frisør, og då vart freistinga stor til å ta ein skikkeleg tur. Det er i dag ni år sidan vi flytta frå Hareidlandet og inn i fjordbygda, og det hender at vi lengtar attende dit. Ungane og eg enda dermed på Overåsanden i Hjørungavåg, der det var noko kald skoddevind, men likevel fantastisk flott å vere. På heimveg stogga vi hos ortentrovaags og fekk kaffi og sveler - ein meny som passar godt no når det ikkje går ferje lenger!