onsdag 21. oktober 2009

Super-Mom



Minstemann er inne i ein superheltperiode, og lagar legofigurar som kan skremme vettet av dei fleste. Kva trur de til dømes om eit skjelett med kinesarhatt?

Superheltar er frykteleg tøffe, og så har dei superkrefter. Då eg bar poden på ryggen heim frå skogsvegen i dag, meinte han at eg hadde "sterkekrefter". Etter nokre hundre meter måtte eg innrømme at det hadde eg ikkje, og at han no måtte bruke sine eigne "raskekrefter" til å gå heim på eiga hand (eller eigne bein). Litt mutt sa eg noko om at eg visst ikkje hadde superkrefter likevel, men då kom det frå Minstemann: "du he no flinkekrefter og kosekrefter, du då!"

Tur i Trollskogen





Sjølv om mykje av dagen er blitt brukt på hus- og skulearbeid, vart det også i dag tid til ein skogstur. Det var berre Minstemann og eg som var heime i dag, så han fekk bestemme at turen skulle gå til "Trollskogen" (det heiter visst "Kriken" der, og der står att ein del av den gamle setrevegen).

Eg køyrde inn til "Sinsenkrysset" og parkerte bilen (der skogsvegen deler seg med ein sideveg til Geildalen), og så gjekk vi heimatt. Seinare i dag skal eg gå med Bianca og hente heimatt bilen.

tirsdag 20. oktober 2009

Ungdomsopprør


Når mamma nektar å spandere frisørtimar, og dessutan har sterke meiningar om kor vidt døtrene skal klippe seg pannelugg eller ikkje, kan følgjande skje:

1. Absolutt ingenting skjer. Dottera finn seg i at mora er fødd til å sjefe.
2. Dottera betaler for frisørtime med eigne pengar.
3. Dottera tek saka i eigne hender. Bokstaveleg tala.

Eldstejenta har no pannelugg, etter det eg kan sjå på bloggen hennar. Gamla har møtt - eller avla fram - sin overmann når det gjeld å vere sta og økonomisk. Eigentleg burde eg vere stolt.

Pretty in pink (and blue)


Medan Nummer 3 var på ballett, gjekk Eldstejenta og eg amok og kjøpte henne (den yngste) ny jakke, hue, "hals", vottar og leggvarmarar. Ho vart veldig glad for alle tinga, og både fin og varm. Då ho kom heim, fann ho fram ein matchande neglelakk...

Viva Volda












Vi har visst gjort det til ein tradisjon med våre internasjonale tysdagstreff. I dag var dei tre eldste og eg på Viva Volda; noko så sjeldan som ein italiensk restaurant driven av tyrkarar. Sidan vi hadde ete pizza både fredag, laurdag og søndag, var valet av mat veldig enkelt. Ein stor pizza var nok til oss fire, og varianten heitte Roma (utan sopp).

mandag 19. oktober 2009

Julestemning i finansdepartementet?


I dag ser eg nyheitene på tv med uvanleg stor entusiasme. Den nye regjeringa vert presentert, og tidenes comeback må vel vere Sigbjørn Johnsen, som no skal bli ny finansminister. Han var alltid min favoritt; ikkje så mykje for det han sa, som for måten han sa det på. Dialekten hans gir assosiasjonar til "Snekker Andersen og julenissen", og då vert dei fleste økonomiske problem ufarleggjorde.

Det einaste vi manglar no, er ein helseminister med sørlandsdialekt. Då tenkjer eg det blir slutt på svineinfluensaen. Eg ser i alle fall føre meg ein viss nedgang i stressrelaterte plagar.

Bloggtips



Ein kollega nemnde denne bloggen for meg i dag, og den bør de sjekke ut! "Nienie" vart hardt skadd i ei flyulukke, og på bloggen deler ho tankane sine om korleis det er å leve vidare etter å ha blitt så vansira som ho er blitt. Etter å ha lese mange av innlegga hennar, synest eg faktisk at ho er litt vakker likevel...

Den nya människan


Laurdag kveld begynte eg å sjå denne filmen, men så utsette eg slutten til søndag fordi det berre vart for dystert. Etter filmen såg vi den før omtala shopaholic-filmen for å debriefe oss litt. Det er nemleg ei sterk historie, dette, frå Sverige på 1950-talet. Hovudpersonen er ei ung kvinne frå ein fattig, barnerik familie, og ho vert send til ein institusjon for å få arbeidstrening og lære god moral. Kvinnene på institusjonen har variert bakgrunn, men hovudtematikken er at mange vanskelegstilte kvinner vart tvangssteriliserte for å forhindre at dei formeira seg vidare.

Filmen vert samanlikna med "Gjøkeredet", men den manglar totalt innslag av humor. Dette er berre tragisk, men like fullt ei viktig historie som fortel mykje om menneskesyn og menneskenaturen.

søndag 18. oktober 2009

Shopaholic?


Nokre lesarar vil kanskje hugse at eg las shopaholic-bøkene og resten av produksjonen til "Sophie Kinsella" i fjor vår/sommar. Årsaka til at eg begynte å lese serien, var at der var eit utdrag i ei engelskbok for VG1. I år underviser eg i engelsk på VG2, og i læreboka der finst nok eit utdrag frå ei shopaholic-bok. Då var saka klar: eg måtte kjøpe filmen! Nyleg hadde eg meg ein raptus og bestilte filmar på Amazon, og i kveld fekk eg høve til å sjå Shopaholic-filmen saman med Eldstejenta.

Bøkene er herleg britiske, med lokale stadnamn og butikknamn frå London. Eg var derfor svært skeptisk til amerikaniseringa av filmen. Men hovudrolleinnehavarane er berre så utruleg søte og sjarmerande at ein tilgir at historia er tynn, og at ein så altfor gjerne skulle ha sett scenar frå Londongatene.

Elevane mine i internasjonal engelsk kan sjå fram til nokre kjekke undervisningstimar når det lid på - denne blir pensum!

Bok 60 2009: "Beretningen om et varslet mord" av Gabriel García Márquez


På bryllaupsnatta vert det avslørt at bruda ikkje er jomfru, og ho vert pressa til å fortelje kven "den skuldige" er. Ho slengjer berre ut eit namn, men lokalsamfunnet samlar seg bak blodhemnen som må til for å gjenopprette æra til familien.

Sjølve historia er ikkje så spennande, men miljø- og personskildringa er fantastisk.

Søndagsturen går til.....Brundalen, sjølvsagt....







Etter to netter med overnattingsbesøk kunne det vere nødvendig å lufte seg litt. Turen gjekk difor også i dag til Brundalen, der det var snøfritt og mildt, men med litt is på søylene såpass ein hadde den å leike med. Det har vore sol både før og etter turen, men akkurat medan vi var i dalen, var det overskya.

Eg er i ferd med å gå meg inn i eit spor både når det gjeld fotomotiv og turmål, men mi erfaring er at ungar set pris på å gå til same staden ofte, og at dei likar å vite kvar dei skal. Det kan dessutan hende at eg har litt dårleg fantasi.

lørdag 17. oktober 2009

Variert kost?



Sidan det vart overnattingsbesøk i går, steikte eg grandisen vi skulle ha i dag til ungane då. I dag kom ein ny gjest, og ho var førespegla pizza ho òg. Personleg var eg ikkje freista til å lage grandis ein dag til, og prisnivået på nærbutikken avgjorde saka: i dag vart det heimelaga pizza, med jentene som sitjande superkjevlarar. Eg trur eg veit korleis eg skal få unna julebaksten i år!

Mamma, kor mange m-ar er det i "bestemme"?



Ungane bur på same rom, og Nummer 3 ser tydelegvis behov for å setje ein standard for orden og åtferd. Eg er litt usikker på kven mottakargruppa er, og kunstnaren kunne heller ikkje gi noko tydeleg svar på det. Avsendaren er derimot klar nok, og ein kan få assosiasjonar til både Jante og "Animal farm". Det siste passar forresten godt som namn på rommet.

Sjølv var Gamla ofte aleine jente saman med gutane i barnehagen, og ein gong kom ho opprørt og fortvila til Besta og fortalde at dei hadde leika Gud, Jesus, englar og menneske i klatrestativet. Eg hugsar godt den leiken; eg var Gud, Torgeir var Jesus og Frode var eit lite barn som låg i ei kasse nede "på jorda". Andre etasje på klatrestativet var himmelen.

Forklaringa på at eg var opprørt?

Dei hine ville ikkje lyde Gud!

fredag 16. oktober 2009

Overnattingsbesøk


Nummer 3 skal ha overnattingsbesøk i morgon av alle jentene i klassen (ei), og då er det berre rett og rimeleg at Nummer 2 får ha besøk av alle gutane i klassen sin (to) no i kveld/natt. Dei har rigga seg til med soveplassar i kjellaren, og så har dei vore på data, spelt "rock band" og sett film. Eg kosar meg aleine i stova, men har kalla dei opp til eit kulinarisk høgdepunkt (grandis) og poppa store mengder popcorn, så dei skal ikkje lide noko naud.

Dagens stiloppgåve til eine norskklassa mi var å tolke dette diktet:

Olav H. Hauge: SKEISERENN 
(Frå Dropar i austavind, 1966)
 
Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du kan ikkje fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.
 
Men han glid ifrå deg,
glid ifrå deg, glid ifrå deg –
Snart er han heile runden føre.
 
Det kjennest litt skamfullt med det same.
 
Til det kjem ei merkjelig ro over deg,
kan ikkje storskridaren fara!
Og du fell inn i di eiga takt
og kappskrid med deg sjølv.
 
Meir kan ingen gjera.

torsdag 15. oktober 2009

15 October: light a candle

Bok 59 2009: "Ingen skriver til obersten" av Gabriel García Márquez


Eit eldre ektepar ventar på eit brev der mannen (obersten) skal få løyvd nokre pengar. I mellomtida held dei motet oppe ved å klamre seg til håpet om at ein kamphane skal bringe dei inntekter nok til å leve for.

Boka er meir ei novelle enn ein roman, og den er svært kort (om lag 90 sider). Det er ei tidleg bok, og ei kjelde fortel at forfattaren skreiv den i Paris i 1956, då han sjølv var utan fast inntekt. Teksten er ikkje noko godt døme på sjangeren "magisk realisme", då den er meir realistisk enn magisk, men den er eit fint portrett av menneske som bruker livet sitt til å vente på betre tider.

onsdag 14. oktober 2009

Brundalen på frionsdag









Sola skin, det er fantastisk å ha fri og vi har hatt ein koseleg tur i Brundalen. Ungane har hatt mykje moro med å knuse is på dammane, og i tillegg har dei leika med ei daud krede som fekk namnet Torske-Geir (inspirert av Tonje Glimmerdals Måse-Geir). Nummer 3 og 4 leika dessutan at Minstemann var blind, og Nummer 3 leidde han så fint på vegen nedatt medan ho fortalde om alle bratte stup han heldt på å dette utfor.

tirsdag 13. oktober 2009

Jag trivs best i öppna Landscape



Eldstejenta skulle møte Nummer 3 på ferja og halde henne med selskap til Gamla var ferdig på jobb. Det var utgangspunktet. Så begynte vi å snakke om å lage oss middag i leilegheita, og til slutt enda vi opp med å kjøpe oss lunsj på Landscape (kinarestauranten i Volda). Nummer 2 fekk sjølvsagt også vere med, og så tok vi tre største oss ein tur på Amfi i Ørsta medan Nummer 3 dansa ballett.

Dama på Landscape har begynt å snakke så familiært til meg at det er tydeleg eg har vore der litt ofte, eller så har ho fått med seg min fascinasjon for kinakjolar...

Bok 58 2009: "Hundre års ensomhet" av Gabriel García Márquez


Somme bøker er så ubegripelege at ein får lyst til å lese dei på nytt med det same. Denne boka blir av mange rekna som det beste dømet på sjangeren magisk realisme, og her må ein verkeleg opne opp for det meste. Sjølve historiene i boka er groteske, morosame og overdrivne, og sånn sett kan ein lese den som god underhaldning. Det eg har problem med, er å sjå kvar forfattaren vil med teksten. Eg veit ikkje nok om latinamerikansk historie til å kunne seie om kritikarar har rett i at boka kan lesast som ein metafor, og eg har problem med å godta at boka berre er surrealistisk, utan noko djupare tyding.

Ein omtale av boka hevda at den er dynamisk, og det er eit spennande perspektiv for eit produkt så avslutta som ei bok er. Eg er i alle fall ikkje ferdig med den. Eller med forfattaren, for den saks skuld.

søndag 11. oktober 2009

Ferieslutt



Dagen i dag gjekk mykje med til å førebu dei komande to vekene på jobb - eg har hatt full arbeidsdag og vel så det. Sjølvsagt vart det tid til ein trimtur inn til Straumshamn for å hente ein sykkel. Etter eit par dagar i storby set ein ekstra pris på klår, rein haustluft, og eg skulle gjerne ha gått meir tur dersom eg hadde hatt tid.

Eldstejenta og venninna reiste til urbane strok att etter middag, og dei tre resterande ungane har funne roa på rommet til Nummer 2 etter eit par kapittel i "Tonje Glimmerdal". Dei stortrivst med å dele rom, og eg synest det er ufatteleg praktisk når eg skal lese til dei.

Menn som hater kvinner



Etter mange sosiale dagar i ferien var det greitt å kunne ha ein roleg heimekveld. Ungane (våre + venninne) spelte "Rock Star" i kjellaren, og Gubben og eg sessa oss med ein film som eg lenge har hatt lyst til å sjå: "Menn som hater kvinner". Boka las eg i haustferien for to år sidan, men eg hugsa den så godt at sjølve mysteriet i filmen ikkje vart særleg spennande. Likevel hadde eg stor glede av å sjå korleis dei hadde gjort om handlinga, forenkla kjærleikslivet til Mikael Blomkvist og skapt realisme av dei nesten uverkelege scenene og personane i boka. Skodespelarprestasjonane var fantastiske.

I Millenniumserien likte eg eigentleg berre den første boka, men det er godt mogleg at dei to hine bøkene fungerer godt på film. Problemet med dei var at dei var langdryge, og då er filmen eit meir fortetta og fokusert medium.

lørdag 10. oktober 2009

Bau i svevet



Påskestemning i oktober











































På veg ned frå Brundalen i dag møtte vi (dei to minste, hunden Bau og eg) nokre hytteeigarar, og vi slo av ein prat om sola, som endeleg tok seg tid til å skine litt på Nordvestlandet. "Det kjennest som å bli fødd på ny", sa ei av hytteeigarane, og det var så godt sagt at eg vel å sitere henne her. Elles trur eg bileta talar for seg sjølv; det er så vakkert i Brundalen, og så mykje å finne på. Bading vart det lite av.