tirsdag 13. oktober 2009

Jag trivs best i öppna Landscape



Eldstejenta skulle møte Nummer 3 på ferja og halde henne med selskap til Gamla var ferdig på jobb. Det var utgangspunktet. Så begynte vi å snakke om å lage oss middag i leilegheita, og til slutt enda vi opp med å kjøpe oss lunsj på Landscape (kinarestauranten i Volda). Nummer 2 fekk sjølvsagt også vere med, og så tok vi tre største oss ein tur på Amfi i Ørsta medan Nummer 3 dansa ballett.

Dama på Landscape har begynt å snakke så familiært til meg at det er tydeleg eg har vore der litt ofte, eller så har ho fått med seg min fascinasjon for kinakjolar...

1 kommentar:

  1. Vi brukar også å bli tekne imot som "stamgjestar", men no er det faktisk ei stund sidan vi har vore der. Vi har så mykje mat heime!!!

    SvarSlett