søndag 11. oktober 2009

Menn som hater kvinner



Etter mange sosiale dagar i ferien var det greitt å kunne ha ein roleg heimekveld. Ungane (våre + venninne) spelte "Rock Star" i kjellaren, og Gubben og eg sessa oss med ein film som eg lenge har hatt lyst til å sjå: "Menn som hater kvinner". Boka las eg i haustferien for to år sidan, men eg hugsa den så godt at sjølve mysteriet i filmen ikkje vart særleg spennande. Likevel hadde eg stor glede av å sjå korleis dei hadde gjort om handlinga, forenkla kjærleikslivet til Mikael Blomkvist og skapt realisme av dei nesten uverkelege scenene og personane i boka. Skodespelarprestasjonane var fantastiske.

I Millenniumserien likte eg eigentleg berre den første boka, men det er godt mogleg at dei to hine bøkene fungerer godt på film. Problemet med dei var at dei var langdryge, og då er filmen eit meir fortetta og fokusert medium.

2 kommentarer:

  1. Eg kan berre erklære meg 100% enig både når det gjeld filmen og bøkene.Eg likte denne filmen, men såg at film nr.2 hadde fått relativt dårleg kritikk. han har gått på kinoen her. Dei to siste bøkene var langdryge, kjedelige og fulle av ekkel vold. Ikkje min smak.

    SvarSlett
  2. Eg hadde gjerne lese 4. boka. Synd den aldri kom ut!
    Elles meiner eg bøkene grensar mot eventyr. Personane er typeskildra, i alle fall dei vonde, og dei får som fortent. Men det er ikkje barnebøker/filmar.

    SvarSlett