onsdag 21. oktober 2009

Tur i Trollskogen





Sjølv om mykje av dagen er blitt brukt på hus- og skulearbeid, vart det også i dag tid til ein skogstur. Det var berre Minstemann og eg som var heime i dag, så han fekk bestemme at turen skulle gå til "Trollskogen" (det heiter visst "Kriken" der, og der står att ein del av den gamle setrevegen).

Eg køyrde inn til "Sinsenkrysset" og parkerte bilen (der skogsvegen deler seg med ein sideveg til Geildalen), og så gjekk vi heimatt. Seinare i dag skal eg gå med Bianca og hente heimatt bilen.

3 kommentarer:

  1. Skogen ser verkelig trolsk ut. Det var vel derfor "Skriket" kom med?

    SvarSlett
  2. Ja, det biletet var arrangert, og det vart hans "faboritt"...

    SvarSlett
  3. Ein må gle seg over slike fine dagar, og nytte dei godt.
    I morgon skal vi på skuletur. Eg gler meg til trim i arbeidstida, viss eg slepp å gå bakerst!

    SvarSlett