fredag 22. juni 2012
Bok 34 2012: "I krig og kjærleik" av Ragnhild Kolden
Dette er ein relativt ny roman (2010) om eit relativt uttømt tema, nemleg andre verdskrig. Hovudpersonen er ein mann tiltalt for landssvik, og romanen fortel skiftevis om landssvikoppgjer og arbeidet han utførte i okkupasjonsåra. Ein får ei slags forklaring på kvifor somme vart med på den sida, men ikkje noko grundig innføring i okkupasjonshistorie. Romanen er svært lettlesen, og skriven på ein nynorsk litt prega av dialekt.
torsdag 21. juni 2012
Bok 33 2012: "Ellis Island - tårenes øy" av Fred Mustard Stewart
Boka kom ut på Hjemmets bokforlag i 1983, og eg fekk min kopi gratis på eitt av dei lokale biblioteka. I følgje lånelista bak i boka var den lånt ut mange gonger i 1985, men verken før eller seinare. Dette kan ha samanheng med at TV-serien basert på boka gjekk på nrk på den tida, men eg har ikkje sjekka opp dette. Sjølv hugsar eg berre tittelen på den TV-serien, og eg er ikkje sikker på om eg såg heile.Romanen er verken godt skriven eller på annan måte banebrytande, men eg syntest det var interessant å lese om USA på byrjinga av 1900-talet. Kvifor forfattaren måtte skrive eit par sider om korleis det gjekk med dei overlevande personane i ettertid, forstår eg ikkje heilt, og i alle fall ikkje om korleis det gjekk med borna deira og seinare generasjonar. Noko av handlinga var dessutan litt over grensa for kva eg set pris på av melodrama. Konklusjonen er altså at boka ikkje er noko særleg litterært sett, men at handlinga likevel er interessant på grunn av miljøskildringa.
Biletfri bursdag
Onsdag hadde vi tradisjonell avslutting på jobb før ferien, med program, snittar og kake.
Eg hadde ingen planar for eiga feiring, men plutseleg sat eg til bords med Barnefaren, ungane og foreldra mine, og på menyen stod pizza og marsipankake. Etter at gjengen var ute av dørene, kom ei venninne med ei flaske vin, som vi sporenstreks delte. Ei fin impulsfeiring og markering av at ferien no er i gang!
Eldstejenta har framleis kameraet mitt, så det vart ingen bilete frå dagen. Kjekt var det uansett.

tirsdag 19. juni 2012
Avsluttingsfest for VG3-elevane
I kveld kunne eg eigentleg ha halde meg heime, sidan eg har vore kontaktlærar for ei VG1-klasse og berre hatt tre avgangselevar. Likevel spurte eg fint om å få lov til å møte som lærarrepresentant, i og med at Eldstejenta var blant avgangselevane. Det fekk eg sjølvsagt lov til, og dermed fekk eg vere med på den tradisjonelle, rørande og høgtidssame avsluttingsfesten.
mandag 18. juni 2012
Måndag: barselsvisitt til "Ball"
Sidan det er relativt rolege dagar på jobb, stakk ein kollega og eg på besøk til kollegavenninne K. Ho er i barselspermisjon og heime med nydelege, vesle "Ball", og vi hadde med oss vin og bok som barselspresang. Litt utradisjonell barselsgåve, vil mange seie, men vi meinte det var på sin plass med ei lita gåve berre til mor.
Elles vart det høve til ein liten cafétur saman med Eldstejenta før eg for heim, og så gjekk eg tur i eit par timar før eg kosa meg med film og eit enormt måltid (eg hadde gløymt å ete middag før eg gjekk ut på tur). Det er regn og skodde, men eg har att litt ved og har mange ting å gjere både ute og inne. Førebels er eg altså ved godt mot.

søndag 17. juni 2012
Sløv søndag
I dag låg vi lenge, åt frokost når det passa kvar einskild av oss (mellom klokka 10.00 og 14.30) og styrte med minimalt. Gamla gjekk seg ein tur inn i Mjeltvika på føremiddagen, og så henta vi Eldstejenta, som ville ete søndagsmiddag saman med resten av gjengen. Det er ikkje ofte vi serverer kokte poteter og brun saus for tida, men i dag slo vi til.
I kveldinga er Storegut og Eldstejenta opptekne med "photo shoot", og Gamla har gått ein tur til i Mjeltvika. Det har ikkje blitt mykje turgåing heller siste tida, så skritt-teljaren syner eit tal det er vanskeleg å leve med.
No ventar eg på at dei to ungdomane skal kome heim, for dei skal skyssast vidare ut i verda før eg kan ta kveld. Feriekjensla er på god veg!

lørdag 16. juni 2012
Shoppingtur til Moa
Viss vi skulle få tid til ein shoppingtur før vi reiser på ferie, måtte det bli i dag. Veslejenta hadde pengar som brann i lommene etter bursdagen, og skapa var nesten tomme etter vinterens oppryddingsaksjonar. Alle dei tre heimebuande har vakse mykje sidan i fjor vinter, så ein del sommarklede måtte kjøpast inn. Veslejentas bursdagspengar heldt òg til eit par PS3-spel, som dei nyttar laurdagskvelden til å kose seg med.
Vi tok middagen på "Sunn og Nam".
Gamla kjøpte seg eit sjal og to sofaputer, men tek truleg att shoppinga til seg sjølv ein dag ho ikkje har med dei fire gullungane.
Vi tok middagen på "Sunn og Nam".
Gamla kjøpte seg eit sjal og to sofaputer, men tek truleg att shoppinga til seg sjølv ein dag ho ikkje har med dei fire gullungane.
Fredag før ferien
Dagen på jobb i dag var relativt sløv, men eg fekk no rydda og prata ein del, om ikkje så mykje anna.
I kveldinga var vi på kollegafest på Bjørkedalen, der vi mellom anna hadde natursti og rodde vikingskip.
Av omsyn til privatlivets fred skal eg ikkje legge ut bilete frå festen, men heller vise fram dei tre yngste, fotografert av Eldstejenta. Medan mora var på fest, hadde ungane rydda, støvsuga og laga seg taco, som dei åt på verandaen. Mora kom heim til ryddig hus, vakne ungar og tende lys.

fredag 15. juni 2012
Bok 32 2012: "Øya under havet" av Isabel Allende
Allende er mest kjend for å skrive om Chile i sjangeren magisk realisme. I denne romanen har ho valt eit anna miljø, nemleg Haiti, i perioden omkring 1770 - 1810. Her er mange interessante personar, men hovudpersonen er slavekvinna Zarité. Ho har òg forteljarstemma i nokre delar av boka.Tematikken kan seiast å vere slaveri og følgjer av det, og forfattaren fortel det meste frå eit kvinneperspektiv. Her er som sagt fleire interessante bipersonar, og saman gir dei liv til ein mørk historisk epoke.
torsdag 14. juni 2012
Fint ferdig + fotball
I dag var det maratondag for meg, med sensur i Ålesund for andre gong denne veka. Tysdag var det berre seks elevar eg skulle vurdere, medan det i dag var heile 11. Faget i dag var norsk, noko eg har lang røynsle med, og eksaminatorane og eg kom raskt på bølgjelengde og var einige om karakterane.
Eg reiste heimanfrå klokka 7 og kom heim litt etter klokka 22, så eg er i bloggande stund mildt sagt gåen.
Storegut hadde spelt kamp og scora eitt av seks mål mot Hødd (som fekk fire), medan Minstemann hadde spelt cup og vunne ein kamp mot Dalsfjord, medan dei tapte til saman tre kampar mot Ørsta og Volda. I morgon skal Veslejenta spele bortekamp mot Ørsta.
EM bryr eg meg ikkje om.

onsdag 13. juni 2012
Eksamensfri onsdag
Etter å ha sove i ti timar i strekk var det deilig å subbe rundt på fridagen og førebu ein stille og fredeleg morgon. Det gjekk bra ei stund, men så kom Veslejenta og sa "koffor han E e her?" Det viste seg at Storegut for ein gongs skuld hadde forsove seg på ein onsdag, og eg hadde ikkje vore i kjellaren og sjekka at han hadde kome seg av garde. Det vart ein liten bråstart på dagen likevel.
Elles steikte eg ein stor stabel vaflar, for vi fekk besøk av Kompisen til Minstemann, mora hans og fetteren. Det vart ei triveleg stund, med så mykje prat at eg vart litt låk i halsen etterpå.
I kveldinga skulle ungane på fotballtrening, og eg nytta høvet til å gå meg ein tur opp mot Folkestadsetra. Eg hadde ikkje tid til å gå heilt fram, trudde eg, men eg fekk meg ein fin tur og fekk sjå mange spor etter orkanen Dagmar, og etter bønder som ryddar opp etter henne.

tirsdag 12. juni 2012
Bok 31 2012: "Access to English, social studies"
Dette er læreboka eg har sete bøygd over siste dagane. Her er mange interessante emne og tekstar, det meste av stoffet seriøst og faktabasert, men òg nokre "snapshots" som fortel artige anekdotar.
Boka verkar ryddig og oversiktleg i layouten, og den er innbydande, på eit vis. Det eg ikkje likte, var at den for variasjonens skuld bruker nokre uvanlege vendingar og uttrykksmåtar i staden for å halde seg til eit sakleg, nøytralt og litt keisamt språk som elevar kan ha betre nytte av. På munnleg eksamen i dag høyrde eg elevane ta opp att dei same seiemåtane som stod i boka. Om oppløysinga av Jugoslavia sa til dømes boka at nasjonen "ended on the scrapheap of history", noko ein av elevane siterte ordrett.
Eldstejenta brukte eit anna læreverk i same fag, men den boka las eg ikkje frå perm til perm. Den var ikkje like ryddig og fin i layouten, men eg veit ikkje om tekstane var betre likevel. Oftast veit ein ikkje kor god ei lærebok er før ein har undervist etter den eit par gonger.

mandag 11. juni 2012
Eksamensførebuing
Somme gonger har ein flaks. Som då Eldstejenta kom opp i munnleg, i same fag same dag som eg skal sensurere. Eg skal nemleg til Ålesund i morgon, medan Eldstejenta har eksamen der eg jobbar til vanleg. I dag har vi derfor via tida vår til å lese samfunnsfagleg engelsk, spesielt det britiske politiske systemet. I tillegg har vi hatt god middag og ete store mengder lakriskonfekt. No får vi berre håpe at det går bra både for den eine og den andre i morgon - og for alle andre elevar som er oppe til eksamen i desse dagar (og sensorane og eksaminatorane deira).
søndag 10. juni 2012
Vikingkaupang på Herøy gard
I dag tok eg med meg dei tre yngste ungane til Herøy gard, der det var vikingkaupang denne helga. Eldstejenta måtte bruke dagen til eksamensførebuing, så ho kunne ikkje vere med.
Vikingkaupangen inneheld telt med sal av diverse varer, underhaldning av ymse slag og aktivitetar. Mest populært for mine avleggarar var å ri på islandshest, og Minstemann fekk òg prøve seg på bogeskyting. Elles måtte vi innom grava til Anna med barnet, slik vi gjer kvar gong vi er på Herøy gard.
Planen var eigentleg å ete rømmegraut ute på Herøy gard, men med 11 grader og isande kald vind var det lite freistande. Vi kjørte derfor vidare til Fosnavåg og gjekk på Kinarestaurant.
lørdag 9. juni 2012
Laurdag før eksamen
Laurdag morgon starta med eksamensførebuing. Planen var å drive "vekselbruk" - det vil seie å variere mellom skule- og hagearbeid. Etter kvart fekk eg klipt plenen, raka ein del og klipt kantane.
Småungane kom, og dei ville prøve det nye bassenget i hagen. Dessverre skya det over like etter, men då sette dei seg på syklane medan eg gjekk. Dei stoppa nede ved ballbingen, medan eg gjekk vidare inn i Mjeltvika.
I kveldinga har vi laga og ete pizzabaguettar og laurdagsgodt, styra på ute og kosa oss litt inne. Sola kom attende halvannan time før ho forsvann att for kvelden, men vi har godt håp om fleire fine sommardagar.

Solnedgang på Høgetua
Fredag slapp nokre kattar ut av sekken. Eldstejenta fekk vite at ho kjem opp i engelsk munnleg, same fag og same dag som eg skal sensurere. Det er godt mogleg at mora tek lesinga meir på alvor enn jenta, for det er mykje å setje seg inn i, sjølv om det er kjent stoff det meste.
Etter jobb la eg meg ut i sola og somna, og eg vakna ikkje før det hadde gått tre timar. Det er tydeleg at nokon snart treng ferie.
Det vart, av same grunn, ikkje nokon langtur på fredag kveld, men berre ein liten tur opp på Høgetua, der ein har utsikt over Hovdevatnet og solnedgangen.

torsdag 7. juni 2012
tirsdag 5. juni 2012
Tur på tysdag
Siste veka har eg teke dropar mot augekatarr, men den ser ikkje ut til å bli betre. I dag for eg tidleg heim frå jobb, etter at undervisninga var gjennomført, for det klødde så infernalsk i auga at eg ikkje greidde å utføre noko fornuftig arbeid. Vel heime vaska eg vekk all sminke, skylte auga med saltvass-dropar og gjekk meg ein tur ut i vinden - iført solbriller.
Turen gjekk i dag forbi grendahuset, innover grusvegen til Mjeltvika og vidare stien inn til Kile. Stien var ikkje så veldig attgrodd, men eg måtte forsere nokre velta graner og vasse over ei lita elv. Heim gjekk eg på bilvegen, noko som ikkje var særleg idyllisk i all ettermiddagstrafikken.
Og auga? Dei kjennest langt betre no, men eg synest det er rart at medisinen ikkje virkar.

Bok 30 2012: "Reisen hjem" av Lori Lansen
Denne romanen er ikkje særleg original, verken i tematikk eller komposisjon. Ei ung kvinne reiser heimanfrå og let den vesle dottera bli att hos ei eldre, framand kvinne. Den gamle minnest sin eigen barn- og ungdom, og gjennom ukronologisk attersyn får vi vite ein heil del om henne. Her er mange dramatiske historier, og det heile er godt fortalt og interessant - ei stund. Mot slutten går boka over til å bli noko sentimental etter min smak.
Kveldstur til Torheim
Måndag kveld gjekk turen til sørsida av Nordfjorden, der vegen blant anna går forbi eit gartneri. Eg har ingen store hageplanar enno, men det er kjekt med litt inspirasjon.
mandag 4. juni 2012
Veslejentas bowlingselskap
Etter ei hektisk veke var det kjekt å arrangere jentebursdag med ei enkel løysing: gjestane møtte opp på kaia og vart frakta til Ørsta bowling. Der bowla dei og fekk servert pizza m.m. Veslejenta fekk mykje fint og nyttig, blant anna eit rosa kamera. Det kan bli kjekt for henne å ta eigne bilete, og kanskje begynner ho å blogge att?
Minstemann hadde som vanleg ei heilt anna oppfatting av kva han styrte med enn vi andre - han var soldat på oppdrag. og det oppdraget var å kaste bomber på kjegler. Elles kom han med dagens kommentar, etter å ha sett seg inn i bowling-terminologien:

"No e det på tide å få litt banan i dinne banansplitten"
søndag 3. juni 2012
2 X 40
Laurdag kveld var det stor feiring på grendahuset i bygda, for to av damene fyller 40 i desse tider. Feiringa var som vanleg superkjekk, med kjekke folk, noko underhaldning, god mat og alt som skal til. Biletet syner eitt av dei kulturelle innslaga.
Eg nyttar høvet til å gratulere dei to flotte jubilantane med dagane, og med ei særs vellukka feiring!
Eg nyttar høvet til å gratulere dei to flotte jubilantane med dagane, og med ei særs vellukka feiring!
Fleire bilete frå showet
finn du her
Veslejenta viser på bilete nummer 11, Eldstejenta på nummer 13 (eg likte det nummeret med russebuksene svært godt).
Veslejenta viser på bilete nummer 11, Eldstejenta på nummer 13 (eg likte det nummeret med russebuksene svært godt).
fredag 1. juni 2012
A chance to dance
I dag var det première på jazz- og hiphop-framsyninga "A Chance to Dance" på Ørsta Kulturhus. Begge jentene mine deltok på fleire nummer, sjølv om Eldstejenta kuppa meg som fotograf så eg ikkje fekk fotografert Veslejenta. Begge gjorde ein glimrande innsats, og det var der mange andre òg som gjorde. Alle besteforeldra, begge foreldra og begge brørne sat i salen, og alle heldt seg vakne.
Abonner på:
Innlegg (Atom)