tirsdag 15. september 2015

Med Aktive Fredsreiser til Polen og Tyskland

I 2008 følgde eg Eldstejenta, medan Storegut vart følgd av faren i 2012. No har eg følgt Veslejenta på tur, og det må eg seie var ein særs vellukka tur på mange måtar. Reiseleiaren var ei svært tydeleg og kunnskapsrik dame som vi alle vart glade i frå første stund. Kjemien med dei to andre skulane var god, og alle ungdomane oppførte seg eksemplarisk. Vi var over 70 personar i bussen, noko som kravde sitt, men kjemien fungerte fint mellom dei vaksne òg. Frå Folkestad reiste 14 elevar og 14 vaksne, så vi hadde rikeleg hjelp og vaksentid.

Reisemåla var som sist eg reiste: Auschwitz/Birkenau, Saltgruvene i Krakow, fritid i Krakow, Tropical Islands, Stasifengselet i Berlin, rundtur i Berlin, Sachsenhausen og Ravensbrück. På Kielferja opp att var det country cruise, så vi fekk med oss eit show med Vassendgutane for liksom å toppe det heile.
Kort møte med Eldstejenta i Oslo før avreise
Nydeleg solnedgang på Kielferja

Første hotellrom var gigantisk

Auschwitz Birkenau

Sanitærbrakke i Birkenau



Ruinar av eit gasskammer

Utstilling av bilete frå album i bagasjen til jødar som vart drepne i leiren




Huset til kommandant Rudolf Höss midt i biletet

Galgen der Höss vart hengd

Eit rekonstruert gasskammer

Noko av skosamlinga i Auschwitz I


10. klasse
Katedralen nede i saltgruvene i Krakow



På veg opp til Wawelborga i Krakow




12 av dei 14 vaksne



Hest og vogn i Krakow var noko eg hadde drøymt om





Frå den jødiske bydelen, sett frå hestevogna


Litt av bymuren

Shopping

Folkloregruppa

Tropical Islands



East side Gallery

Frå stasifengselet

Stasifengselet


Alexanderplatz


Marx og Engels




Hitlers veranda til venstre

Til minne om brenninga av bøker


Trabantutstilling
Minnesmerke om drepne jødar

Politiske markeringar ved Brandenburger Tor



Minnesmerke over dei drepne politikarane i Weimarrepublikken

Riksdagsbygningen

Samlingsplassen på Kurfürstendamm
Sachsenhausen




Gutane og mennene la ned roser ved minnesmerket over dei norske fangane

Skulptur i Ravensbrück




Skytega¨ngen i Ravensbrück

Rosebedet er planta over ei massegrav



Etter roseseremonien ved Tårenes sjø

Huset til kommandanten, like ved fangeleiren

Førstepremien i kunnskapskvissen på heimveg


lørdag 5. september 2015

Bok 84 2015: "En liste for livet" av Lori Nelson Spielman

Ei mor døyr og etterlet dottera ei liste med oppdrag ho må utføre innan eit år dersom ho skal få arven sin. Slik må dottera røske opp i ein del forhold i livet sitt og prøve ut ting ho eigentleg ikkje trudde ho var klar for.

Søtt? Føreseieleg? Lettvint? Javisst er det det, men likevel underhaldande og spennande lesestoff. Eg likte boka godt, men kjem truleg til å gløyme den ganske fort. Den føyer seg inn i sjangeren "løkkeskriftroman".

fredag 4. september 2015

Retroutstyr til turbruk

I dag fekk eg tak i ein flunkande ny discman, eller "berbar cd-spelar", som det heiter i dette årtusenet. Slik unngår eg å måtte rippe ein bunke cd-ar for så å legge dei vidare inn på mp3-spelaren som eg faktisk har. Jada, eg er gamaldags, men eg les i alle fall lydbøker aller lettast på denne måten. Kjekt å ha på lange bussturar, mellom anna.

tirsdag 1. september 2015

I posten i dag...

Minstemann ville bruke feriepengane sine på meir trommeutstyr i år, så eg hjelpte han med å bestille ein ny "China cymbal" på nett. Det er langt mellom musikkforretningane, så vi er glade i internett.

mandag 31. august 2015

Bok 83 2015: "Reisen til Bella Coola" av Kari Nygaard

Ingrid frå Tynset utvandrar til Amerika saman med mannen sin i 1892. Vi følgjer henne frå og med overfarten, men får òg nokre tilbakeblikk som syner korleis ho levde før utvandringa.

Eg likte ikkje denne boka like godt som den førre boka eg las av same forfattar, "Det frosten tok", men det var heilt grei underhaldning. Eg kunne ha tenkt meg meir miljøskildring både frå Tynset og USA, då dette kunne ha gitt romanen ein ekstra dimensjon.

søndag 30. august 2015

Daleteigane og Mosetra

Fordi eg var litt sliten etter fem timar på stand, skulle vi berre gå ein liten og lett tur etterpå. Valet fall på turstien Daleteigane i Ørsta. Det er ei fire kilometer lang rute med rebusløp undervegs. Startpunktet er like ved gravplassen Askjellshaugen. I byrjinga var turen veldig fin, med sti gjennom skogen like ved elva Rossåa. Eg har aldri vore så nær denne elva før, og det artige for meg er at den elva, som vi kalla "Storeelva" i min tidlege barndom, var noko eg var frykteleg redd for. Vi budde nokså nær den elva då eg var lita, og nokon hadde vore veldig strenge og forklart meg kor farleg den elva var. Så vidt eg kan hugse, gjekk vi aldri nær den.

Då vi kom til "Blåtoppen", som var slutten på rebusløypa, hadde vi gått over svært fuktige markar. Vi kom då inn på vegen til Mo-setra, og vi tenkte å gå på den ned att. I ein svak augneblikk ombestemte vi oss og gjekk oppover i staden. Det var interessant å sjå kva skadar som har kome som resultat av flaum og vind, og på nedhogst som har skjedd i tida etter orkanen "Dagmar". På Mo-setra gjekk vi over brua og ned att på den vegen som går til Vallasetra. Dei to vegane går parallelt framover på kvar si side av elva. Det var kjekt å sjå attende i Nupen og på Engeset der eg altså budde som svært lita, og som var eit ynda turmål i ungdomen. Eg gjekk og sykla dit mykje med Nadja, og før den tid gjekk eg dit nokre gonger med Stegg, ein gordonsetter som budde i gata vår.

Det som skulle ha vore ein kjapp og lett tur, vart såleis ein tur på langt over 20 000 skritt. Vi blinka oss ut eit par nye turmål undervegs, nemleg Vassdalen og Sandhornet. Om det ikkje blir i haust, kjem det forhåpentlegvis nye sesongar.
Ved starten av turstien


Enden av rebusløypa

Store endringar i naturen

Nupatippen

Utsikt mot Vassdalen


Utsikt mot setrane

Utsikt nedover vegen

Valkamp med stand-aksjon i sentrum

Laurdag hadde eg for andre laurdag på rad ein avtale med ein flokk andre listekandidatar om å stå på valkamp-stand. Vi delte ut roser og diskuterte med forbipasserande, og stemninga var god og optimistisk. Vår fremste kampsak no er å få i stand ein tunnel som skal gå gjennom fjellet og fjerne E39 frå sentrum. Dette vil føre til mindre trafikk-kaos og truleg auka trivsel i sentrum. Andre saker vi kjempar for, er sjølvsagt òg viktige, og for meg er oppvekst og skule dei mest interessante temaa. Ikkje uventa nyttar eg ofte høvet til å snakke om gjeninnføring av nattferja.
Nokon burde ta med seg krakk

fredag 28. august 2015

Politisk debatt på skulen

I dag var heile skulen der eg arbeider samla i gymhallen for å lytte til ein paneldebatt der ti politiske parti var representerte. Som vanleg var det for det meste ungdomspolitikarar frå andre stader som representerte partia, bortsett frå at ordføraren stilte frå sitt parti. Det sistnemnde opplevde eg som positivt, då det trass alt er eit lokalval. Tema som var oppe var til dømes skulepolitikk og flyktningpolitikk, som er tema eg trur engasjerer målgruppa. Ungdomspolitikarane heldt seg for det meste saklege, og nokre famlande forsøk på litt grov humor vart ikkje spesielt godt motteke. For dei av oss som har levd ei stund, var vitsane slett ikkje nye heller.

Viss eg skulle utrope ein "vinnar" blant politikarane, måtte det vere han som representerte SV. Ordføraren var òg god, mest fordi han verka truverdig og sympatisk.

torsdag 27. august 2015

Bok 82 2015: "An-Magritt" av Johan Falkberget

Denne boka er første band i serien "Nattens brød". Handlinga er lagd til eit gruvesamfunn på 1600-talet, og ein får eit grundig innsyn i livet i bygda på godt og vondt. An-Magritt er det uekte barnet til ei kvinne som tok livet av seg for å unngå den audmjukande opplevinga å verte sett i gapestokken. Barnet veks opp hos bestefaren, og ho vert ei sterk, stolt og tøff jente.

Bokserien er ein klassikar, og hovudårsaka til at eg berre har lese utdrag frå den tidlegare, er at den er skrive med mykje innslag av dialekt. Det synest eg er slitsamt, spesielt når eg ikkje kjenner dialekten særleg godt. Derfor er denne boka, som eg tidlegare har erfart med Olav Duun sine bøker, svært godt eigna som lydbok.

onsdag 26. august 2015

Bok 81 2015: "Å slentre plystrende forbi kirkegården" av Susan Crandall

Fleire suksessfaktorar har vore med på å gjere denne romanen til ein bestseljar:

1. Handlinga er lagd til Mississippi tidleg på 1960-talet
2. Hovudpersonen/forteljarstemma er ei veslevaksen jente
3. Reisemotivet er med, sidan jenta rømmer heimanfrå for å finne mor si
4. Rasespørsmålet står sentralt, ispedd ein porsjon kvinnesak

Boka er ikkje spesielt original, men det er god underhaldning for dei av oss som set pris på bøker med dei ovanfornemnde ingrediensane. Det skulle ikkje forundre meg om boka vert filmatisert.

"Pappaen min sier at når du gjør noe for å avlede tankene fra din verste frykt, er det som å slentre plystrende forbi kirkegården. Du vet, å lage lurveleven for å holde reddheten og gjenferdene fra livet. Han sier at noen ganger er det sånn vi kommer oss gjennom visse vanskelige ting. Men det er ikke svakhet, som å gjemme seg...det er styrke. Det betyr at du er i stand til å gå videre."


Romedalen og Barstadskaret

Tysdag var eg først student, deretter vart det ein tur på hundetrening. Etter det tok vi oss ein tur til Romedalen, der vi gjekk innover frå Steinstøylen på ei rås som går til Molladalen, viss ejn går langt nok. Vi kom til Barstadskaret og fekk fin utsikt mot baksida av Masdalskloven, men då var det allereie begynt å mørkne såpass at vi vende nasen attende mot støylen. På slutten av turen var det nesten bekmørkt, men råsa var heldigvis så tydeleg at ein kunne skimte den likevel. Dette var ein lett og fin tur på tydeleg rås, og det var artig å få utsikt utover mot havet når ein kom opp.





mandag 24. august 2015

Lærar på skulebenken

Så kom endeleg dagen då Gamla sette seg på skulebenken att. 7 timar med nyttig informasjon og forelesingar var ein brå og hard start, ikkje minst fordi vêret var fantastisk vakkert og jobben var på fjelldag. Vi var mange samla i auditoriet, og heldigvis var der ein kollega av meg som utan at eg visste det hadde meldt seg på same studiet. Det var kjekt å ha nokon ein kjende å sitje saman med på første skuledag - det gjeld både når ein er sju og førtisju, trur eg.

Den store utfordringa denne hausten blir å utarbeide ei problemstilling, knytt til eit lite feltarbeid. Dette skal brukast som grunnlag for ein munnleg presentasjon og deretter ei oppgåve som skal utgjere eksamen. Arbeidsmengda er truleg overkomeleg, men no gjeld det å vere kreativ og få ein god og gjennomførbar idé innan 10. september. 

Vel heime vart det lite action i heimen, og den stakkars hunden måtte vente lenge på at matmor overvann dørstokkmila. Då sykla vi ein tur, slik at matmor kunne sitje meir eller mindre roleg medan hunden sprang ivrig på venstre side. Det er god trening for hunden å trave raskt med lange skritt, sjølv om eg trur han likar betre å gå laus på fjellet.

søndag 23. august 2015

Bjørnasethornet (739 moh)

Etter ein relativt sløv laurdag med valkamp og andre stilleståande syslar var det herleg å kome seg ut på tur att i dag, sjølv om gutta var noko vanskelege å få med opp og ut. Veslejenta var på tur med nokre venninner, men vi hine kom oss etter mykje om og men på Bjørnasethornet - det var relativt varmt i motbakkane med 24 grader i lufta og vindstille.

Det var mykje molter i fjellet no, og eg fekk nesten ulysta meg. Personleg synest eg det er aller mest stas å ete dei rett frå lyngen.







fredag 21. august 2015

Fredag i skogsvegen

I dag var dei to yngste på fjelldag med skulen, så det var ikkje mogleg å få lokka dei med seg på tur i ettermiddag. Det vart derfor til at Storegut køyrde Charlie og meg til enden av skogsvegen på Bjørnaset, og så gjekk vi heim att derifrå. Det vart om lag 10 000 skritt, og mest nedoverbakke og flat veg. Charlie likar best å gå laus, for då får han snuse på spor etter dyr og fuglar som har vandra i terrenget og på vegen tidlegare. For meg var det heilt ok med ein roleg og totalt upretensiøs tur på tampen av arbeidsveka.

Best av alt: då vi kom heim, hadde ungane gått i gang med å lage fredagstaco...

torsdag 20. august 2015

Blå brennmanet på Botnasanden

I dag var det igjen ein nydeleg dag, og eg lengta heim og ut medan eg var på jobb. Ungane skal på fjelldag med skulen i morgon, så dei ville helst vere nokolunde i ro og ikkje gå på fjellet i dag. Veslejenta for saman med ei venninne og fiska 14 makrellar frå land, medan Minstemann og eg gjekk tur med hunden inn til Botnasanden. Charlie vassa og snusa rundt litt, og spesielt interessant var ein blå brennmanet. Det er deilig med frisk og varm luft, uansett om ferien er over. Vi tek det vi får.

Blå brennmanet


onsdag 19. august 2015

Bok 80 2015: "Sju dagar i august" av Brit Bildøen

Ei kvinne miste dottera si på Utøya. Mannen hennar har ein son som har flytta til den andre sida av verda. Paret ber på sorger og sakn, men prøver å fylle liva sine med meining. Handlinga er lagd til åtte år etter 22. juli-angrepet, i ei veke i august då mykje skjer, og paret må kome gjennom små og større problem.

Eg likte boka godt på ein måte, men eg syntest det vart fokus på litt for mange ulike hendingar og menneske i ei såpass kort bok.