mandag 30. april 2018

Skule- og hagevandring 30. april

I dag tidleg var det rim på markane og is på frontruta på bilen, men det var heldigvis forbigåande. Dagen har vore nydeleg, og då passa det godt å ha luftevakter på heildagsprøve i matematikk. Eg skulle i utgangspunktet lufte to klasser. men det vart litt til. 7000 skritt fekk eg òg, så eg var nøgd med den arbeidsinnsatsen. 

Det er elles godt å vere attende på jobb. Kollegaene kondolerer og trøystar, men det er òg godt å kunne snakke om heilt trivielle ting som har med jobb å gjere.

Vel heime frå jobb hadde eg rikeleg med innearbeid, men eg gjekk ein tur med hunden først. Eg vart òg freista til å ta ein runde i hagen berre for å sjå kva som er i ferd med å kome. Det går sakte her, og eg ser at påskeliljene til nokre naboar har kome for lengst. Eg tok nokre bilete for å dokumentere. Noko av kvelden

Etterpå gjekk eg inn og retta heildagsprøver, for eg håper på å få ut ein bunke torsdag. Då får eg inn ein ny bunke, og på fredag kjem ein bunke til. Dei skal få ligge til etter konfirmasjonen, trur eg.
Den første påskelilja sprett straks ut


Desse er veldig vakre, eg trur det er ein slags primula

Desse skal bli lilla "ballar", men har ikkje sprotte heilt ut enno

Dette er ei buske som blømer før blada sprett ut

Desse har eg fått av mamma i år, dei heiter Scilla og minner meg om blåveis

søndag 29. april 2018

Bok 29 2018: "For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges" av Kyrre Andreassen

Krister har vore elektrikar, men måtte slutte i yrket på grunn av ein prolaps i ryggen. I samarbeid med NAV får han tilbod om å jobbe som norsklærar for innvandrarar ved ein vidaregåande skule, noko som er heilt feil for han. Han kjem på kant med leiinga, ikkje minst då han set ein elev til å bygge noko for seg privat. Han kjem òg på kant med kompisar og sambuaren, han rotar livet til for seg sjølv og tyr til vald. Han er kort sagt ein person det er vanskeleg å like, men som romanfigur får ein likevel stor sympati for han.

Lydboka var heilt spesiell, sidan den var lese inn på drammensdialekt. Det gjorde den langt meir autentisk enn ei papirutgåve vil vere, og det var altså forfattaren sjølv som las. Det var ein ny forfattar for meg, men eg kjem til å halde utkik etter fleire bøker av han, sidan eg likte denne svært godt.

lørdag 28. april 2018

Bok 28 2018: "The Littlest Hitler" av Ryan Boudinot

Denne boka er ei samling av 13 noveller med varierande tematikk og realisme. Tittelen viser til den første novella, som handlar om ein gut som kler seg ut som Hitler på Halloween. Vi møter elles ungdomar i ei verd der det er tradisjon for at ungdomar har plikt til å drepe foreldra sine, ein familie som drep og et born, ein kameratgjeng som skal arbeide heile sommaren for å få råd til å reise på Dr Who-festival og fleire andre menneskelagnader. Ikkje alle novellene er like gode, og nokre er berre surrealistiske, men andre gir rom for ettertanke.

Om forfattaren har eg funne ut at han er frå Seattle, noko som ein kan finne spor av i nokre av novellene, og at dette var debutboka hans. Han er fødd i 1972, og han har arbeidd fleire år med sal av bøker i Amazon.

Charlie 4 år!

Min gode hundevenn og turkompis er fire år i dag! Dagen vart feira med sofaslynging og tur langs vegane, og med vaflar frå Ørsta som kakekos.

Matmor har skrive ferdig tekstutkastet som skal leverast den 14. mai. Sidan det er to dagar etter konfirmasjonen, er det greitt å få det unnagjort. Komande veke får eg inn to bunkar, og innan torsdag skal eg ha retta ein bunke eg skreiv ut på jobb i går. Samanlikna med å skrive oppgåve er det berre kos å rette stilar...



torsdag 26. april 2018

Bok 27 2018: "De skyldfrie" av Gaute Heivoll

Sigrid er ei ung jente som lengtar etter å kome vekk frå mora og systera. Embret er den nye læraren i bygda, og han blir kjend med både Sigrid og familien hennar. Snart blir dei to eit par, og alt ser ut til å bli bra. Men Embret har draumar om å bli noko meir og å bli verdsett, så han blir freista til å seie det er han som har skrive ein bunke dikt han har funne. Dette er berre ei av fleire store løgner som paret lever med, og som innhentar dei etter kvart.

Boka er eigentleg ganske dramatisk, men den er skrive på ein måte som gjer at ein aksepterer løgnene og dramaet på same måte som Embret. Om handlinga er dramatisk, er ikkje språket like fullt av spenning. Ein får heller kjensla av eit lågmælt kvardagsdrama der karakterane ikkje trer tydeleg fram. Eg likte boka godt, men eg stussar litt over skrivestilen.

Livet går vidare...

Eg fekk innvilga permisjon både onsdag og torsdag denne veka, og i morgon fredag hadde eg uansett hatt fri. Dette har gjort det mogleg å hente seg inn att både fysisk og psykisk etter den siste veka.

Veslejenta vart att i Volda etter gravferda, så ho møtte på skulen i går, onsdag. Minstemann trengde ein dag til heime frå skulen, ikkje minst fordi søskena stod på farten for å reise. Eg stod tidleg opp for å køyre Eldstejenta på ferja, og ho var framme i Oslo litt ut på føremiddagen. Storegut reiste i 12-tida. Han skulle ta buss attende til Trondheim og var framme der seint i går kveld. I dag tidleg reiste han til New York på skuletur, og han la nett ut ei melding om at han er trygt framme. Eldstejenta skal reise til Spania på søndag, og eg er glad dei slepp å reise med tanken på at dei kunne få ei melding om morfarens død når dei er på tur.

Då Minstemann og eg vart aleine, ville han rydde rommet sitt og eg ville lese teori til oppgåva mi. Begge hadde behov for å vere litt aleine og sleppe å snakke med nokon, trur eg. Etter ei stund gjekk vi ein tur med hunden, men det vart ingen store krumspring. Eg køyrde han seinare ut på kaia der han møtte faren, og så vart eg aleine heime.

Det har kome blomar og meldingar, og i går kveld fekk eg telefon frå ei god venninne som gav meg mykje å tenkje på. Slikt gjer utruleg godt. Elles er det blitt mykje chatting, noko som òg er fint.

I dag sette eg meg føre og skreiv 500 ord til på teoridelen til oppgåva mi. Det gjekk utruleg sakte, og eg er på ingen måte klar for å stå framfor ei gruppe elevar. Hjernen fungerer ikkje som normalt, og eg har problem med å tenkje raskt og klart. Kjenslene er nokolunde under kontroll, trur eg.

Eg hadde meldt avbod til kommunestyremøtet i dag - ikkje fordi eg ikkje hadde kunna sitte på møtet, men fordi eg ikkje evna å sette meg inn i sakene på førehand.

I morgon skal eg ta meg ein tur på jobb for å lage til ei prøve og skrive ut ein stilbunke, og eg trur det blir godt å kome i nokolunde normal gjenge att etter kvart. Eg skal ikkje ha undervisning før onsdag i neste veke, og det er i grunnen bra. Det verste blir nok å ta imot kondolansar på jobb, men eg får heller seie at det er greitt om tårene renn litt innimellom.

Eg har òg ein del å gjere når det gjeld konfirmasjonen til Minstemann om eit par veker. Det skal bli ei kjekk feiring når den tid kjem, men det krev ein del førearbeid. Det meste er bestilt og kjøpt inn på førehand, i kjend stil, men eg må no ta meg ein runde og få stadfesta at alt blir som planlagt. Vi har heile 61 namn på lista over festdeltakarar, så det blir mykje folk og stor stemning, tenkjer eg.

Slik ser det altså ut i mi vesle verd per i dag. Sorga er absolutt til stades, men meir enn det er det gode minne som dukkar opp i tankane. Det er vanskeleg å konsentrere seg om Foucaults diskursteori, men eg skal greie å krote ned nok ord innan fristen 14. mai. Viss tekstutkastet ikkje blir godkjent, har eg ein ny frist i juni, så det er ikkje så viktig å levere eit meisterverk heller. Eg skal nok stå han av denne gongen òg.

onsdag 25. april 2018

Gravferda til Pappa

Denne siste veka har vore uverkeleg, nesten absurd. Det høyrest fælt ut når ein seier det, men familien har lenge venta på at Pappa skulle døy. Han har hatt kreft i mange år, og dei to siste åra har han gradvis blitt svært mykje sjukare.

På 80-årsdagen sin i november 2016 vart han lagt inn på sjukehus, og den vinteren var han inn og ut av sjukehus og sjukeheim med gjentekne infeksjonar. Kvar gong kom han seg til att, men kvar gong meir redusert. 2. mai 2017 vart han send heim for å prøve å vere der over helga, og det vart eit opphald i heimen som varte i sju månader. I familien omtalar vi det som bonustida, for vi hadde vel eigentleg ikkje trudd det kom til å bli så lenge. For oss næraste var det meir hyggeleg å besøke han heime, men Mamma hadde fullt opp med å ta seg av han, assistere og organisere. Heimesjukepleiarane kom fleire gonger dagleg, og i tillegg kom andre hjelparar, så det var ei uroleg tid på mange måtar. I desember 2017 vart han lagt inn på Ørstaheimen, etter eige ønske og i samråd med Mamma og helsepersonell. Han fekk god pleie og omsorg der, og Mamma var der kvar dag hos han. Vi hadde glede av å besøke han der vi andre òg, men etter kvart måtte vi trappe ned fordi han vart så sliten. Mot slutten miste han det gode humøret, han evna ikkje å ta inn nyhende og han sov stadig meir. Han måtte ha mykje og sterk medisin for å sleppe smerter. Siste veka fekk han ikkje i seg mat.

Eg hadde venta lenge på at eg ein morgon skulle få melding om at han ikkje hadde vakna, så eg hadde stålsett meg. Med ungane hadde eg inngått ein avtale om at eg ikkje skulle ringe om noko anna, og at eg ikkje skulle sende melding om at han var død. Lenge har eg derfor alltid sendt melding og spurt dei om eg kunne ringe, og gjerne nemnt kva det var eg ville snakke med dei om. Sjølv har eg hatt eit noko negativt forhold til oppringingar.

Onsdag i førre veke fekk eg melding frå mamma om at pusten til Pappa var endra. Ho sa ikkje at eg burde skunde meg og kome, men eg hadde kjensle av at eg burde det. Eg fekk varsla ungane, plassert Minstemann og Charlie på hybelen til Veslejenta og så reiste eg til Ørsta. Systera mi hadde hatt same kjensla, så ho kom òg. Vi stod ved senga hans saman med Mamma heilt til hans siste andedrag, og det var ei god kjensle at han no endeleg fekk kvile.

Dagane etter har gått med til praktiske gjeremål, men òg til å vere saman. Eldstejenta kom på siste flyet heim allereie onsdag kveld, og Storegut kom torsdag kveld. Dei to yngste var allereie heime, og vi har vore tett på kvarandre desse dagane. Torsdag og fredag planla Systera mi, Mamma og eg gravferda og gjorde ein del i høve til det. Vi måtte snakke med gravferdsbyrået, politiet og presten, tinge lokale, mat, blomar og musikk og sjølvsagt ordne i skor og klede til små og store.

Tysdag 24. april vart det gravferd. Mange møtte opp, og kyrkja var nydeleg pynta med vakre blomar. Som musikkinnslag fekk vi høyre den nynorske versjonen av Bridge over Troubled Water, etter ønske frå Mamma, og Liten fuggel, som eg lenge har tenkt ville vere ein song som ville passe. Pappa var ingen djupt religiøs mann, men han var glad i fuglar og hadde omsorg for dei små i samfunnet, så teksten på den songen passar på så mange vis. Fleire heldt talar, og det vart mykje snakk om politikk, fuglar og fiskeri. Det vart teikna eit bilete av Pappa frå fleire ulike synsvinklar, og vi næraste kjende han godt igjen i det folk sa. Det vart fleire talar på minnestunda, som vart halde i Bedehuskjellaren.

Pappa var ingen folketalar eller avisskribent, men han var ein tydeleg sosialist som mest av alt var motstandar av krigføring. Ingen nær han var i tvil om kva han meinte. Ei av dei siste sakene han kava seg opp over, var dei borna som ikkje skulle få dyr medisin. Han var spesielt oppteken av born, og eg hugsar frå starten av kreftbehandlinga at han syntest det var fælt å sjå dei kreftsjuke borna på Haukeland. Fleire av Barnebarna talte i kyrkja og på minnestunda, og dei understreka den rolla han hadde hatt i liva deira. Eg er altfor emosjonell til å kunne tale i slike samanhengar, men set pris på at andre gjer det. Det vart ei fin gravferd på alle måtar, slik vi hadde håpa, og det var ei stor lette å få det overstått.

For meg har Pappa vore ein bauta i livet, men han har gradvis blitt borte dei siste åra. Sorga over tapet har derfor kome gradvis, og det er vanskeleg å vite korleis det vert no når tapet er endeleg. Vi har sett mykje på gamle bilete desse dagane, mimra og ledd, og eg håper det blir slik framover òg. Pappa hadde eit lett humør, og han plystra og nynna medan han styrte på med kvardagssyslar som gjerne hadde med fisk, ved eller hage å gjere.  Han mata nabokattane og skjora, bygde fuglekasser og  kledde seg ut med nissemaske året rundt for å underhalde barnebarna. Noko av det han mislikte mest var pompøse og skrytande folk som trudde dei var viktigare enn andre, og han sa aldri eit negativt ord om å betale skatt. Han såg på velferdsstaten som eit gode som ein må kjempe for å bevare.

Ein liten anekdote eg kjem til å hugse han for, er frå i fjor vinter, då han var innlagd på sjukehuset. Eg stakk innom etter jobb, og då fortalde Pappa at det var ein mann med innvandrarbakgrunn som hadde vore inne og vaska rommet hans. Pappa hadde, i kjend stil, fretta ut mannen om kvar han kom ifrå og kva familie han hadde, og kunne fortelje at han hadde to born. Og så sa Pappa: "Og tenk, ein dag kan dei bli legar på dette sjukehuset!"

Fred over minnet



mandag 16. april 2018

Bok 26 2018: "Pust for meg" av Cecilie Enger

Forlagets omtale:

«Pust for meg» er en roman om tre generasjoner kvinner, om sårbarheten ved å være avhengig av sin nærmeste og om å miste kontrollen over sitt eget liv. Anestesilegen Carla Ruud kjører fra Oslo til hjembygda for å besøke moren sin på pleiehjem. Med seg i bilen har hun den unge kvinnen Synne, som skal samme vei. I en isete sving mister Carla kontroll over bilen sin og de havner utfor en skrent. Carla opplever det store marerittet. Til tross for sin erfaring gjennom et liv som akuttmedisiner, makter hun ikke å redde livet til Synne. Cecilie Enger skriver fram en kompleks kvinne , en anerkjent lege og mor til voksne barn, som stiller spørsmålet: Kan man tilgi seg selv for den smerten man påfører andre? Man kan holde ut smerten så lenge den har et formål, men hva når den ikke har det? Og den dagen man ikke lenger føler seg behøvd, hvem er man da? 
Dette var ei tankevekkande bok som eg likte godt, trass nokre scener frå legegjerninga som eg kunne ha klart meg utan. 

søndag 15. april 2018

Storegut 21 år

Storegut og Bianca 2005

Sidan han for tida oppheld seg i Bartebyen, vert det berre ei avstandshelsing i dag. Storegut er ein frykteleg kjekk gut som det er lett å bli glad i, og eg saknar han i heimen. No ser eg fram til at han skal få lang sommarferie, og så er eg spent på kva studium han endar på til hausten. Mykje tyder på at han blir trønder, men det er ein viss prosess som må til før det er bestemt med opptaksprøver og liknande. Gratulerer med dagen, kompis!

lørdag 14. april 2018

Bok 25 2018: "Ildbarnet" av S. K. Tremayne

Rachel har i racerfart forelska seg i og gifta seg med David og blitt glad i sonen hans, Jamie. No skal ho bu saman med stesonen på Davids gods i Cornwall, medan han skal jobbe som advokat i London. I Cornwall merkar ho og stesonen eit nærver av den døde mora til guten. Guten spår dessutan at ho kjem til å døy innan jul, og dette gjer at det ligg uhygge i stemninga i heile boka.

Denne boka var veldig spennande, synest eg, for eg klarte ikkje å gjette kva som kom til å skje eller bli løysinga. Slutten var ikkje så god som eg håpa, men undervegs var det mange avdekkingar som gav forteljinga stadig fleire lag.

Første sommardagen

Det har vore ein kald og vakker vår så langt, men denne veka har det blitt gradvis mildare - i alle fall på dagtid. Det passar sjølvsagt ekstremt dårleg når ein har mykje innearbeid, men kveldane vert heldigvis lysare såpass ein får meir høve til å lufte seg sjølv om dagen vert tilbragt inne.

Laurdag vart eg ferdig med ein rettebunke tidleg på ettermiddagen, og eg vart då freista til å gå ut og rake litt i hagen, røske vekk visna stauder frå i fjor og liknande. Det er ein del tulipanar, påskeliljer og krokus på veg, og dei tek seg betre ut viss ein får vekk alt det visna først. Det var så varmt at det var nok med singlet, og likevel vart eg sveitt.

Etter ei stund i hagen gjekk me oss ein tur i nærmiljøet. Ved grendahuset har dei i dag hatt dugnad for å montere opp rampe for skateboard, men den såg ikkje ferdig ut enno. Der er no fleire leikeapparat og ein ballbinge, så det er ein kjekk samlingsstad for born og vaksne.
Årets første hestehovar



Ingen er vakrare enn dei første blomane. Heldigvis sette eg laukar i fjor!

Ny café i Ørsta

Eg likar gågata i Ørsta, sjølv om dei fleste butikkane no er samla på det nye, store Amfi-senteret. Onsdag skulle eg køyre mor mi til Ørstaheimen og gjere nokre ærend, og då var det hennar forlag at vi skulle ete middag saman. Ho var litt nysgjerrig på den nye caféen som var opna i gågata.

Lokalet er veldig fint, nytt og reint. Menyen var ikkje så omfattande, men vi enda opp med steikt laks, ris og salat. Det var eit enkelt, men svært godt måltid. Når ein er aleine, blir det ofte eit ork å lage middag, spesielt fisk, så då er det greitt med nokre sunne og gode alternativ.

tirsdag 10. april 2018

Bok 24 2018: "Fortsatt savnet" av Chevy Stevens

Chevy Stevens er ein kanadisk forfattar som debuterte med denne romanen i 2010. Den vart ein bestseljar, og etterpå har ho gjeve ut fem kriminalromanar til.

Annie er ein eigedomsmeklar som vert bortført under ei visning. I romanen følgjer vi henne gjennom samtalar med ein psykiater, og ho fortel om det ho har opplevd i tida ho var bortført og etter ho kom heim.

Løysinga er kanskje føreseieleg, men det er likevel spennande å lese vidare. Det heile handlar vel meir om psykologi enn om sjølve gåta, og slikt likar eg godt.

søndag 8. april 2018

Bok 23 2018: "Hett blod, nerver av stål" av Arto Paasilinna

Ei synsk kvinne føreser fødselen, livet og dødsdagen for ein gut som skal bli fødd. Guten veks opp i Finland og lever eit innhaldsrikt liv, men så kjem snart tida då han skal døy. Vil ting skje slik kvinna har spådd?

Paasilinna er underhaldande, men denne boka er ikkje blant hans beste.

Basar på grendahuset

I dag var det tradisjonell basar på grendahuset, med kaffi, kaker, åresal og trekking av bok. Underhaldninga var det Minstemann og Naboguten som stod for. Denne gongen spelte Minstemann trommer og Naboguten gitar, og i tillegg hadde dei spelt inn keyboard og bass frå før. Stykket var sjølvkomponert.

fredag 6. april 2018

Veslejenta i islendar igjen

Sidan eg skulle på møte på Devoldfabrikken onsdag, fekk eg i oppdrag å kjøpe genser til Veslejenta. Det vart litt artig å sjå henne i den, for eg hugsar ei anna tid då same jenta hadde sameleis genser...


torsdag 5. april 2018

Synsk?

For ei tid tilbake fekk eg ein sms om at det skulle kome ein kar og skifte ut straummålaren min. Det var langt fram i tid på det tidspunktet, men her ein dag kom eg på at det var i dag det skulle skje. Eg gjorde derfor alt klart i går kveld (tok vekk veggteppet framfor sikringsskapet, mellom anna) og avtala med Minstemann at han skulle halde seg heime medan eg var på møte. Eg fekk ein ny sms der tidspunktet vart sett til mellom 18 og 20, ikkje mellom 16 og 18 slik eg hadde trudd, men det var ingen problem.

Klokka 17 ringde ein fyr og presenterte seg som montør. Han sa han hadde avtala å kome i morgon, men spurte om han kunne kome i dag i staden. Han var like i nærleiken, så han stod klar på tunet 17.10.

Etterpå sjekka eg sms-ane eg hadde fått, og dei viste at tidspunktet for montering var i morgon mellom 18 og 20, men eg har altså heile tida tenkt det skulle vere i dag mellom 16 og 18.

Ein kan lure på om ein er synsk.

Uansett: monteringa var overstått 17.43, og 17.59 kom eg fram til møtet eg skulle på. Eg var litt spent på om det òg skulle vere i morgon, men heldigvis kom eg til rett stad til rett tid.

onsdag 4. april 2018

"Fritidspolitikar" på ein onsdag

I går laga eg opplegg for dei to timane eg skulle ha undervist i dag, men som ein vikar måtte gjennomføre, sidan eg sjølv skulle på møte i Langevågen klokka 11 - 16.30. Minstemann skulle på bandøving i Ørsta om ettermiddagen, så hunden vart levert på pass i Volda. Det var snø på vegane, så det var litt slitsamt å køyre, men eg hadde god underhaldning i radionyheiter. Eg hadde aldri vore på møtelokalet før, men fann lett fram. Det var den gamle Devoldfabrikken, der det `pg er ein del fabrikkutsal for ulike kvalitetsvarer. Eg kunne godt ha tenkt meg å brukt meir tid og pengar i butikkane, men skunda meg innom Devoldbutikken og kjøpte ein islendar til Veslejenta (ho ønska seg ein og har snart bursdag).

Møtet var i Folkevaltnettverket for Søre Sunnmøre, og det vart nok ein interessant dag med innspel og nettverksbygging. Vi har hatt seks treff dette skuleåret, og eg har vore på fem av samlingane. Det tek ein del tid å vere med på slikt, men eg har ei slags tru på at det er utviklande. Eg har i alle fall lært mykje av å høyre foredrag og ha gruppesamtalar med stadig nye representantar frå andre kommunar.

Etter møtet køyrde eg heimover. Då eg kom på ferja, ringde eg mamma for å sjekke om ho hadde fått skyss, og ho stod akkurat og venta på drosja. Eg hadde ikkje visst kva tid eg kom innover att, så eg hadde ikkje kommunisert med henne i løpet av dagen.

Sidan eg fekk noko ledig tid før eg skulle hente Minstemann, stakk eg oppom Ørstaheimen. Pappa sov, men mamma var vaken, så vi fekk no prata ei heil stund. I det eg skulle til å gå, vakna pappa så vidt, men han var noko omtåka etter den lange middagskvilen, så eg veit ikkje om han kjende meg.

Minstemann og eg stakk oppom Veslejenta med islendaren før vi henta Charlie hund, som hadde hatt ein super dag saman med Lasso.

Vi kom heim 19.30, 11 1/2 time etter vi for heimanfrå, og det vart lite og inkje gjort etter den tid.

mandag 2. april 2018

Siste påskedag

I dag hadde eg ein travel føremiddag med å førebu middag. Eldstejenta hadde bestemt menyen, så det vart heimelaga kjøtkaker med diverse tilbehør. Minstemann og eg får nok leve på restar i morgon, for å seie det slik.

Etter middag tok vi turen til Ørsta, der dei to eldste ungane fekk seie ha det til besteforeldra. Pappa var heldigvis våken såpass dei fekk snakke litt med han. Eldstejenta hadde ikkje fått sett han i såpass god form før i påska, så det var fint. I kveld tek ho nattbussen til Oslo, og Storegut reiser til Trondheim att i morgon tidleg. Veslejenta vart sett att på hybelen i Volda, så no er det snart stille i huset att for Minstemann og meg. Det har vore ei fin påske, trass i omstenda, og det vert rart å omstille seg til kvardag att.

Storegut fekk ei flott gåve av Tanta då vi var på Hareid fredag. Ho hadde strikka ein Baalsrudgenser til Onkelen, men så vart genseren for liten. Dette har skjedd ein gong før, og også då var det Storegut som enda opp som lukkeleg gensereigar. Det var ei flott gåve, og han kledde genseren veldig godt, synest eg.

søndag 1. april 2018

Utsikt for ras

Laurdag kveld gjekk vi tur frå Folkestad innover mot Nautvika, og på vegen fekk vi fin utsikt over nokre av dei kjende fjella frå Ørsta. Då såg vi at det har gått eit stort ras på framsida av Vallahornet - større enn eg har sett før. Det har vore ei nydeleg påske, men det er stor rasfare i fjellet. Eg har uansett verken hatt tid eller lyst til å gå på fjelltur i ferien.

fredag 30. mars 2018

Familietreff på Hareid

I dag var bror min og eg med familiar inviterte til Hareid, der vi fekk servert nydeleg middag og prata mykje saman. Det er ei tøff tid for familien, og ein set derfor ekstra pris på slike hyggelege treff.

torsdag 29. mars 2018

Bok 22 2018: "Biter av lykke" av Anne Ch. Østby

I denne boka møter vi ein gjeng med aldrande kvinner som busett seg i kollektiv på Fiji. Dei har ulike bakgrunnar og utfordingar, og vi følgjer dei gjennom nokre år der fleire av dei tek oppgjer med sine tidlegare liv. Boka kan minne ein del om serien om "Tirsdagsdamene", berre at denne boka handlar om eldre kvinner og manglar noko av humoren som kjenneteiknar serien. Heilt grei underhaldning, men ikkje særleg mykje meir heller.

onsdag 28. mars 2018

Feiring av mamma

I dag vart mamma 78 år. Det er litt spesielle tider for familien, men vi bestemte oss for å feire saman ved å gå ut på Tandori Mix i Ørsta og ete pizza. Det vart ei hyggeleg stund, og etterpå for vi opp i barndomsheimen og drakk kaffi. Vi var 16 rundt bordet, og alle som var i nærleiken kom (to av barnebarna mangla, sidan dei ikkje er på Sunnmøre i påska).


mandag 26. mars 2018

Bok 21 2018: "Berge" av Jan Kjærstad

Ein journalist, ein dommar og ein drapstiltalt er stemmene som utgjer denne romanen. Sentralt står drap på fleire personar knytt til Arbeidarpartiet, og handlinga er lagd til 2008. Ein får nokre assosiasjonar til Utøyamassakren, men boka handlar ikkje om den i det heile.

Det er ein spennande roman på mange måtar, men eg vart litt forvirra òg. Det har vore mykje snakk om Utøyamassakren i media i det siste, og då vart det rart å lese om eit fiktivt angrep på det same partiet. At ein av personane vart kalla "Tåkefyrsten", er eit døme på korleis boka gir gjenklang av røyndomen, men utan å vere dokumentarisk.

Konklusjonen min er at det er ei god bok, men at eg ikkje heilt var i modus for å lese den no. Best likte eg den siste delen, men den skal eg ikkje røpe for mykje om.

søndag 25. mars 2018

Palmesøndag 2018

I gryotta kom Eldstejenta heim på nattbussen, og eg henta henne på kaia. Vi sov litt, og deretter gjorde gjengen seg klar til å fare til Ørsta. Der besøkte vi Mormor, og Eldstejenta fekk besøke Morfaren før vi tok oss ein tur på indisk restaurant for å feire at ho no er 25. Maten var nydeleg, og servicen upåklageleg.

lørdag 24. mars 2018

Palmelaurdag 2018

Storegut kom heim seint fredag kveld, og Veslejenta sat på med han frå Volda. Laurdag tok vi oss ein tur til Ørsta for å besøke Mormor i Starevegen og Morfar på Ørstaheimen. Eg reknar med mange følgjer med på bloggen til mamma, slik at folk er informert om helsetilstanden. Eg skriv derfor ikkje mykje om det her, sjølv om det pregar dagane for store og små.

Pappa var ganske kvikk i dag, og fekk med seg mykje av det som vart sagt. Innimellom ser vi glimt av den gamle humoren, og det vart ei fin stund.


fredag 23. mars 2018

Eldstejenta 25 år


Gratulerer så mykje med 25-årsdagen til deg
Du som forvandla meg til å bli mor, den største endringa livet baud på
Du som var min største skatt frå du berre var ein murrande kvalme
Du som fylte livet med eit heilt univers av kjensler, gleder og bekymringar
Du som var fødd med ein eigen personlegdom som eg har brukt 25 år til å bryne meg på
Du som er min gode venn, men òg min strengaste kritikar

Vi har vore gjennom mykje, du og eg
Rasande kranglar, gråt og latter, gode samtalar

Eg er så stolt av deg. Av alt du gjer, men mest av alt den du er. Du er eit ekte menneske, med verdiar og haldningar som du kjempar for og forsvarar. Når ein blir mor trur ein at ein kan forme borna sine, men du har nok forma deg mest sjølv. Og eg likar den du har blitt og er glad i deg slik berre ei mor kan vere: uendeleg og utan atterhald  

søndag 18. mars 2018

Bok 20 2018: "Her hos de levende" av Levi Henriksen

Henriksen er ein av mine absolutte favorittforfattarar, spesielt på lydbok. Det er noko med skrivestilen og stemma som gjer tekstane hans så nære og ekte.

I denne boka skriv forfattaren historia om faren sin, men òg om besteforeldre og andre som kvar på sitt vis gjer inntrykk. Livet har ikkje vore enkelt for dei som ikkje passar heilt inn i lokalsamfunna, og eg trur mobbing og utestenging har vore minst like vanleg før som no. Vonde steforeldre, utfrysing og krav til konformitet er heller ikkje nye fenomen, og Henriksen fortel hjarteskjerande, men ikkje sentimentalt om ei tid nokså nær vår eiga.

Det er nesten litt klisjéprega å skrive om eiga slekt no, men Henriksens bok er verkeleg verd å lese. Han skriv òg om seg sjølv i denne boka, og ein endar opp med ein fornya respekt for både forfattaren og forfedrane hans. Dette er rett og slett ei perle av ei bok.

Vinklubb mars 2018

Fredag kveld samla eg nokre damer i heimen og serverte dei sørafrikansk vin og ein delvis sjølvkomponert gryterett som skulle minne om mattradisjonar i sørafrika (mykje kjøt, søtpotet og mais). Eg har ein draum om å reise til Sør-Afrika ein gong, kanskje så snart som neste år, og det er sikkert lurt å begynne på akklimatiseringa.

Praten gjekk som vanleg godt rundt bordet, og vi var innom mange tema frå rikspolitikk til lokale fjellturar.

"Hver gang vi møtes har vi det bra!"

tirsdag 13. mars 2018

Bok 19 2018: "Nøkken" av Nathan Hill

Dette er ei relativt lang og komplisert bok, men den er absolutt verd å lese. Samuel er ein professor som er hekta på eit dataspel, samtidig som han ventar på inspirasjon til å skrive ei bok han allereie har avtala med eit forlag at han skal skrive. Livet handlar mest om frekke elevar og flukt i dataspel, men så blir han kontakta av nokon som ber han skrive ei bok om si eiga mor, som forlet han då han var svært ung. Mora har nemleg gjort ei politisk handling som har plassert henne på avisframsider, noko Samuel har vanskar med å tru.

Det kompliserte i romanen er ei samanveving av fortid og notid, men òg av alle dei ekstra forteljingane om bipersonar i romanen.

Hill debuterte med denne romanen, og den vart kåra til årets bok av fleire amerikanske aviser i 2016. Forfattaren blir samanlikna med Jonathan Franzen, John Irving og Charles Dickens, og eg kan vere einig i den førstnemnde. Alle dei små og større forteljingane skaper eit kritisk og interessant bilete av notidas amerikanske samfunn, og det minner faktisk mykje om Franzen.


fredag 9. mars 2018

8. mars 2018

Også i år fekk eg høve til å vere med på å feire kvinnedagen. På jobb markerte eg dagen ved å fokusere på FNs mål for likestilling i faget internasjonal engelsk, og om kvelden vart det både tog, appellar og hyggeleg samvere. Mest inntrykk gjorde nok vår dyktige helsesøster med innlegget sitt om korleis unge tenkjer, og då spesielt med fokus på skamkjensle. Ein annan viktig appell var 16-åringen som tok til orde mot skjønnheitstyranniet med bodskapen om at ein skal like seg sjølv trass i at samfunnet presenterer uoppnåelege ideal og peprar oss med idear om korleis vi bør vere. Eit konkret døme ho hadde var storleikane på klede i ungdomsbutikkar. Det vart ei god markering av dagen, og eg måtte noko motvilleg gå før det var heilt slutt for å nå ei ferje.

Den saka som engasjerer meg mest nasjonalt, er svekkinga av barselstenestene. Eg kan ikkje skjøne at behovet for oppfølging og samvere skal vere så redusert frå "mi tid", då det var vanleg å ligge på barselavdelinga i fem, seks døgn. No er det eit par døgn, og mange politikarar vil redusere liggetida til 6 - 8 timar etter fødsel. Dette sjokkerer meg. Eg har fått fire friske born og vore i normal form etter alle fødslane, men dei døgna på barsel var gull verd både for ammeprosessen og tryggleiken for meg og borna.

onsdag 7. mars 2018

Bok 18 2018: "Den som ser" av Herbjørg Wassmo

Tjue år etter at trilogien om Dina var avslutta har forfattaren skrive ei fjerde bok i serien. I gravferda til Dina held barnebarnet Karna ein avslørande tale som verkar så traumatisk på henne at ho sluttar å snakke. Stemora Anna tek henne med seg heim til København for å få henne betre, og dermed får ho også fysisk avstand til ektemannen Benjamin. Etter kvart som Karna får terapi, blir Anna betre kjend med legen som har mest med henne å gjere. Forholdet utviklar seg, og Anna blir i tvil om kva ho skal bruke livet sitt til. Er det for seint å drive med musikk? Er det for seint å bli mor? Kan ho utdnne seg til sjukepleiar? Spørsmåla er mange, og den som les, får sjå.

Eg synest boka var heilt ok underhaldning, sjølv om eg ikkje såg noko anna grunn til å skrive ei bok til i serien enn å fornye interessa og selje fleire av dei gamle bøkene. Wassmo har skrive mange bøker, og akkurat denne serien skil seg ut ved å portrettere sterke kvinnelege personlegdomar i eit melodramatisk miljø. Min favoritt for tjue år sidan var den andre boka i serien, "Lykkens sønn", fordi eg syntest den var mest heilstøypt komposisjonsmessig. Det er nesten litt freistande å leite serien fram att, så på den måten har denne nye boka hatt ein viss påverknad,

søndag 4. mars 2018

R.U.B.B.I.S.H på UKM


I dag var det lokalmønstring i UKM i Ørsta/Volda, på kulturhuset i Ørsta. Til saman 13 artistar/band stilte på scenen, og i tillegg var det nokre som stilte ut kunst. Ingen dansa eller denslags på scenen i år, men elles varierte innslaga frå fiolinmusikk til rock. I sistnemnde kategori stilte Minstemann og Naboguten saman med to dei har møtt på bandcamp. Bandet heiter R.U.B.B.I.S.H, og dei spelte "Uprising" av Muse. Dei hadde visse innvendingar om lyd og diverse problem med utstyret, men mi subjektive meining er at dei var kjempeflinke.