fredag 19. juni 2009

Bok 36 2009: "Nåde" av Linn Ullmann


Denne boka fekk mykje merksemd då ho kom ut i 2002, men eg har ikkje lese den før no. Forteljinga om den dødssjuke mannen og kona hans, som får i oppdrag å ta livet av han før han døyr ein uverdig død, er både rørande og sterk. Komposisjonen er ikkje kronologisk, og igjen slår det meg at dette er med på å skape spenning og framdrift. Ullmann er ein dyktig forfattar, men eg må seie at slutten ikkje var heilt etter min smak, noko eg har meint om fleire av bøkene hennar tidlegare. Temaet er uansett engasjerande; særleg no når visse parti har bragt eutanasi på den politiske dagsordenen.

tirsdag 16. juni 2009

Eg veit ei lita jente nord i skogen




Eldstejenta og eg tok med oss hundane og gjekk tur med bikkjene i Lisjedalen no i kveldinga. Når vi går tur, snakkar vi om laust og fast, tek bilete, filmar med mobil (i tilfelle ho lærer seg å videoblogge) og syng gamle og nye svisker som eg nesten kan teksten på.

Vi likar best å gå tur på aude stader.

Gubbjävel?


Ved frokosttider i dag kom to trøtte typar heim frå si hittil største oppleving i livet: AC/DC-konsert i Oslo. Dei reiste til Kongsberg laurdag og besøkte "Tigrane", og måndag fekk dei med seg fire (!!!) museum i Oslo før dei drog til Valle Hovin og fekk sjå og høyre dei store heltane. I dag skulle Gubben på eit viktig møte på jobb, så dei kjørte heim i natt. Nummer 2 fekk tilbringe dagen på sofaen for å kvile seg ut og fordøye inntrykka.

Munnleg eksamen

Årets store bøyg er over. Få tenkjer på at munnleg eksamen er eit stress også for den ansvarlege læraren, som i mange tilfelle føler at det er hennar undervisning som er oppe til eksamen.

I haust overtok eg ei VG3-klasse i norsk utan å ha undervist i norsk etter kunnskapsløftet før. No, i juni, er det lov å innrømme at eg såg litt mørkt på den oppgåva, men eg er ikkje av dei som nektar å ta ei utfordring (i jobbsamanheng). Det viste seg etter kvart at klassa var heilt super å jobbe saman med, og den faglege utfordringa vart meir spennande enn slitsam.

I dag har eg hatt opp seks utvalde i munnleg, og det gjekk mildt sagt utruleg bra. På grunn av teieplikta torer eg ikkje utdjupe dette noko meir. Forma på eksamen er no at dei skal halde ein datapresentasjon der dei svarar på ei problemstilling, og deretter skal dei ha ein fagsamtale der både eksaminator og sensor deltek. Eg var svært spent på korleis dette ville bli i praksis, men opplevinga i dag freista i alle fall til gjentaking. Ungdomane imponerte med fagkunnskap og evne til å framføre, og eg er svært stolt og glad på deira vegner.

Eg har verdas beste jobb.

mandag 15. juni 2009

Bok 35 2009: "Den trettende fortellingen" av Diane Setterfield


Tittelen på denne boka kan tolkast på to måtar på norsk, men det er altså "13.", og ikkje "trøttande", som er meint. Dette er eit lite funn av ei bok, for dei av oss som likar å lese spennande forteljingar i finurleg komposisjon. Ein av mine favorittfilmar er "Stekte grønne tomater", og Setterfields roman har ein liknande komposisjon med to parallelle historier i fortid og notid, der historia frå fortida kjem fram gjennom dialog mellom ein ung biograf og ein aldrande forfattar. Framdrifta ligg i dei uløyste gåtene som det heile tida blir vist til. I tillegg kan ein kanskje kalle romanen ein meta-roman, eller ei meta-forteljing, for bøker og forteljingar går som ein raud tråd gjennom det heile. Den aldrande forfattaren er ekspert på å skape forteljingar, og dialogen mellom henne og biografen skjer ved at forfattaren avslører forteljingar frå livet sitt.

Komposisjonen kan minne om ein spennande kriminalroman, men sjølv om det skjer både dødsfall og anna, er dette ikkje krim. Det er meir ein dramatisk roman - eg ser at bokmeldingar på nett samanliknar med Brontë-systrene, Austen, Dickens og de Maurier, og det er ikkje noko dårleg selskap å ende i, vil eg tru.

PS: etter at eg skreiv dette innlegget, var eg innom bloggen til "Besta". Ho har òg blogga om denne boka, og var ikkje fullt så begeistra som meg. Eg kan vere einig med Besta og somme av kommentatorane hennar i at slutten var litt "daff", nesten litt amatørmessig, men eg trur likevel eg likar det betre enn lause trådar.

Ferdig!


Gubben og Nummer 2 er på Kongsberg i høve AC/DC-konserten måndag (eia skulle vi dit...), og i går sende eg resten av flokken til besteforeldra i Ørsta. Dette har gjeve meg høve til å lese gjennom dei siste eksamenssvara, så no er eg ferdig med sensureringa (sjølve sensurmøtet er torsdag).

Det var fint å få ungane i hus att - eg har no sakna dei, sjølv om det neppe hadde blitt noko kjekk helg for dei viss det ikkje var for at besteforeldra tok seg av dei.

Minstemann er inne i ein songperiode, og eg syng til han med det rusta nebbet eg har. Yndlingssongane er alltid dei med mange vers - anten som fortel ei historie (som "Blåmann"), eller desse evigvarande hundrevers-songane der det einaste poenget er å hugse kor langt ein har kome. I dag stod "Gubben og Gamla" (med modulering, må vite) på programmet, og "Gåsa og katten og hanen". Songboka vi bruker for tida er "Song for deg og meg" av Odd Nordstoga, der "Grisen står og hyler" vart publisert lenge før den vart populær. Alle songane i boka er omsette til nynorsk, noko som skaper ei viss forvirring (dei nemnde songane er på nynorsk opprinneleg òg, men "Fader Jakob" og "Bro, bro brille" er betre kjende på bokmål). Etter å ha lese nesten 200 sidemålseksamenssvar er eg villeg til å ta den kampen det er å innføre nynorsk i heimen.

Eldstejentas bloggspråk ser eg på som eit truskuldig ungdomsopprør - langt betre enn narkotika eller dårleg musikksmak. Eitt av yndlingsordtaka mine er "ein må velje sine slag", og heimen bør ikkje vere ei slagmark (men det ser og høyrest ut som ei på dårlege dagar).

søndag 14. juni 2009

Velkomen etter!


Det er igjen på tide å gratulere ei god venninne med dagen - og i dag er det ein rund dag som vert markert. Sjølve feiringa tek vi att neste helg, men det er på sin plass å heidre denne dama på sjølve dagen hennar òg.


H var ei av eldsjelende då vinklubben "Piker vin og sang" vart skipa hausten 2000. Ho var òg blant dei som tok seg av Gubben då han bygde om huset her vinteren 1999/2000, og ho var blant dei mange som fekk oss alle til å føle oss velkomne då vi flytta hit.


I desse åra som har gått sidan 2000 har H teke master i samfunnsplanlegging, ho har hatt diverse jobbar som har medført mykje pendling og ho har engasjert seg i saker i nærmiljøet. Eg beundrar henne mykje for pågangsmotet og innsatsviljen, og spesielt for at ho torer å stå opp for meiningane sine.


Biletet er henta frå sommaren 2002, då vi ferierte ilag i Danmark, og mellom anna var innom Djurs Sommerland.

torsdag 11. juni 2009

Eksamenstid


Så er det den tida på året att... I dag fekk seks elevar vite at dei kom opp i norsk munnleg, og det tok dei svært pent. Eg har hatt mykje arbeid med å lage oppgåver til dei, og den store dagen blir måndag ettermiddag. I morgon skal eg på munnleg sensur, og no har eg fått dei siste seksti eksamenssvara eg skal sensurere.

For å takle alt saman har eg i dag hatt meg ein runde til frisør og speed-shoppa nye klede. Det er utruleg kor slike kvardagssyslar tek vekk stresset! No i kveldinga har eg gått tur med ein hund og snakka med min gode nabo N, noko som òg er med på å gi ein overarbeidd stakar ny energi.

onsdag 10. juni 2009

Hurraaaaaaa!


Eldstejenta ber meg informere slekt og vener om at ho har fått fem på munnleg eksamen i matematikk, og at ho har flatt mobilbatteri...

Feiringa bestod av brennsnut og is/varme bær/sjokoladesaus. Alltid kjærkome med eit påskot for feiring!

tirsdag 9. juni 2009

Gjøkeredet


Kan ein samfunnskritisk film frå 1975 slå an blant 17-åringar i 2009? Javisst! Men det krevst ei viss filminteresse blant dei håpefulle, nokre gode skodespelar-prestasjonar og ei gripande historie.

På engelsk mellomfag las vi romanen "One Flew Over the Cuckoo's Nest" av Ken Kesey, og for første gong vart eg skuffa over å lese boka som ein film har vore basert på. McMurphy i boka er ein bleik skugge av filmkarakteren spelt av Jack Nicholson, og Chief er langt meir sentral i romanen (eg-forteljar), så ein går glipp av den kostelege scena der han plutseleg viser seg ikkje å vere verken døv eller stum.

Sidan utgangspunktet mitt var å vise filmar som seier noko om samfunnet dei vart til i, som "Rebel Without a Cause", snakka vi mykje om behandlinga av pasientane, og om den småsprø McMurphy representerer eit fullgodt alternativ til Nurse Ratched's irriterande rolege steinansikt.

Uansett er filmen framleis fengande, Jack Nicholson er fantastisk og vi fann fleire kjende fjes i filmen - blant anna ein då temmeleg ukjend Danny De Vito.

Eg har verdas beste jobb.

Tut og kjør






















Halvannan time etter at eg var ferdig på jobb, stilte eg i Volda att etter å ha vore heime og henta kornett-solisten og i barnehagen og henta Minstemann. På programmet i dag stod musikkskule-konsert, og våre to mellomste skulle delta. Nummer 2 er no blitt stor nok til å spele trombone utan å måtte bruke foten til å skubbe heilt ut "sliden" med, og han gjorde ein heidarleg innsats på solonummeret "Tears in heaven". Det hender at eg påstår at han er kalla opp etter Eric Clapton. Nummer 3 var solist på "Fager kveldssol smiler". (Digresjon: det er ein fin song som minner meg om ei førsteklasse eg hadde i norsk 1999/2000, som song den etter timen kvar fredag. Då eg gjekk ut i fødselspermisjon i mai 2000, hadde dei laga ein song til meg, basert på "Nei, så tjukk du har blitt". Eg tilgav dei den då dei song "Fager kveldssol" til meg ein siste gong.)

Elles inneheldt konserten mykje felespel, men òg ein glitrande bluesgitarist.

Minstemann somna i kjend stil i løpet av andre nummeret med felespel.

(Bileta er henta frå Gubbens iPhone)

mandag 8. juni 2009

Junikveld




Eldstejenta og eg gjekk oss ein fin tur i kveldinga. Eigentleg var det det eg kallar "latmannstur", då vi fekk Gubben til å kjøre oss til enden av skogsvegen så vi kunne gå heim. Vi tok òg ein avstikkar inn i Geildalen. Ikkje nokon tur å bli andpusten av, bortsett frå at vi prata og lo både på inn- og utpust...

Shakespeare in love - again...


Eg har mange favorittar, eller "faborittar", som Minstemann seier. Ein forfattar-favoritt er Shakespeare, og eg har lese hans samla verk og sett tallause filmatiseringar av dei. I dag har eg avslutta nok ei filmframsyning - denne gongen var det "Shakespeare in love". Ja, eg har sett den før, og det har mange av elevane òg, men den er berre utruleg romantisk samtidig som den har glimt frå mange kjende scener i skodespela. Historia er oppdikta, men tekstane finst. Eg kombinerer alltid framsyninga med klipp frå youtube av den opprinnelege Romeo og Julie.

søndag 7. juni 2009

Bok 34 2009: "Mysteriene i Santo Fico" av Dennis L. Smith


Santo Fico er ein liten italiensk landsby, og dei som bur der har mange uavklara konfliktar og synder frå fortida som blir oppklara i løpet av boka. Ukomplisert og fornøyeleg lesestoff som høver godt i desse eksamenstider...

lørdag 6. juni 2009

Ballett-bursdag












Dagen i dag vart innhaldsrik, med Voldatur, restaurantbesøk, tur til Flø, ballettshow i Ulsteinvik og familieselskap på Hareid. Alt saman var vellukka og hyggeleg, og vi takkar for oss! Presangen til 12-åringen var kjøpt av oss damene i familien, så den hadde eit sterkt feminint preg. Eg trur ikkje niesa hadde noko imot det.

Ho er forresten flink til å danse, og vi var imponerte over nivået på showet - sjølv om vi er godt vane frå ballettskulen i Ørsta/Volda.

Gratulerer med 12-årsdagen!

Mi einaste niese fyller 12 år i dag, noko vi skal feire med ballettframsyning i Ulsteinvik. Biletet er frå august 2008, då ho og eine broren ferierte hos oss, og dei mellom anna skulle dressere bikkjer. Bianca var villeg elev - ei stund...

fredag 5. juni 2009

Førskule


Nok ein milepæl er nådd; i dag var Minstemann på førskule og fekk si første lekse. Lukka er stor, cowboyhatten vart att heime og han insisterer på å bli kalla skulegut.

torsdag 4. juni 2009

Tatt av kvinnen


Erlend Loe er ein av mine absolutte favorittar i forfattarverda. Eg har lese dei aller fleste bøkene han har skrive, og bortsett "Organisten" og "Fakta om Finland" har eg likt alle. "Volvo Lastvagnar" var eg forresten ikkje så begeistra for. Som lydbok er "L" fantastisk; der les forfattaren i eit live-opptak frå studentersamfunnet i Trondheim.

I dag har eg begynt å vise filmatiseringa av "Tatt av kvinnen" i ei av klassene, og sjølv om boka som vanleg er mykje betre, er dette god underhaldning med rom for refleksjon og ettertanke. Det geniale med Loe er nettopp det; at han skriv lett og lystig om seriøse og eksistensielle spørsmål.

onsdag 3. juni 2009

Gjett kvar eg var i dag

Svaret finn du her

mandag 1. juni 2009

Pinse og pine



Medan eg har retta "ta pina" nesten heile helga, har familien hatt turar på setra og på sjøen. Bileta er tekne med Gubbens mobil.

Minne om Ariel






















I dag er det ni år sidan hunden Ariel blei fødd, og igjen ruslar Gamla ein tur ned Memory Lane.

Broren min og Svigerinna mi henta vesle Ariel og tok henne med til oss 27/7 2000. Då hadde vi budd nesten fire veker på Bjørneset, og eg hadde fullt opp å gjere med liten baby og to ungar som skulle aktiviserast medan faren prøvde å få gjort mest mogleg av byggeaktivitetar i huset. I starten var det Gubben som tok nattskiftet på flatseng i gangen saman med bikkja, medan eg låg oppe på soverommet med babyen (dei var om lag jamgamle, hugsar de kanskje).

For å gjere galskapen komplett, skaffa vi oss to kattungar som var på alder med hundekvelpen. Den glatthåra heitte Meowth, etter Pokemon-figuren, og den andre heitte Schäfer. Historia bak det namnet er at Nummer 2 var inne i sin heitaste Action Man-periode, og at han ønska seg ein schäferhund, slik eine figuren hans hadde. DER gjekk grensa for galskapen vår, så vi lurte han til å tru at ein schäferKATT var like tøft som ein schäferHUND. Eg lova han også at han skulle få sin eigen schäferhund til tiårsdagen, med håp om at draumen skulle falme innan det. Det gjorde den.

Ariel fekk ein fin oppvekst med turar i skog og mark frå ho var bittelita, men ho hadde eit litt merkeleg lynne. Ho hadde akkurat begynt å roe seg og bli veldig grei då ho vart sjuk og døydde vinteren 2005. Det var ei stor sorg for familien, og den store trøysta vart å skaffe seg to nye hundar.

lørdag 30. mai 2009

Bok 33 2009: "Havfruen" av Camilla Läckberg


Innimellom lesing av eksamenssvar må eg ta nokre pausar for å lufte hundane og hovudet. Då passar det godt med kriminalromanar som denne, og det er nesten slik at eg ser på turane som "løn for strevet". I motsetnad til eksaminandane greier denne forfattaren å halde spenninga oppe, sjølv om eg gissa løysinga på eit ganske tidleg tidspunkt. Vekslinga mellom fortid og notid, og mellom dei ulike personane, fungerte fint også på lydbok. Historia var fengande, og personane vart såpass etablerte at ein ikkje hadde problem med å skilje dei frå kvarandre. Eg må lese fleire bøker av denne forfattaren, det er i alle fall sikkert!

God pinse til alle der ute - sjølv om eg er "stuck" med sensur, er alt så mykje kjekkare når ein kan sitje ute i bikini og gjere mykje av arbeidet. Nokre forsøk på å skrive kommentarar ute var derimot temmeleg dramatiske, for vinden var sterk her i dag. Ikkje noko problem når det er 25 grader, men eit visst problem når ein sit med ein bunke papir. Eg tok det som ekstra mosjon...

fredag 29. mai 2009

Gratulerer med dagen!


Nummer 3 fyller år i dag, og har feira dagen på skule og speletime før vi har grilla og ete is i heimen for å markere dagen.

torsdag 28. mai 2009

onsdag 27. mai 2009

Mimring om Nummer 3



































































Nummer 3 kom til verda i eit dramatisk år i familien vår. Gubben sitt store prosjekt den våren ho vart fødd, var å få huset såpass ferdig at vi kunne flytte inn, medan eg hadde meir enn nok med å bere fram baby, ha 100 % jobb og vere aleine med to ungar dei fleste helgane, medan Gubben altså bygde hus. 12 dagar på overtid vart vi sende med ekstra nattferje frå Eiksund, men fødselen var langt frå dramatisk, og veslejenta kom til verda i 13-tida neste dag. Ho likna ein eskimo med dei raude kinna, den gyldne huda og det svarte håret, og vi syntest ho passa godt til å bli kalla opp etter mi mørke, runde mormor.

5 veker gammal flytta ho saman med resten av gjengen inn i eit halvferdig hus som var ein byggeplass heile første halvåret. Det var nok å gjere, for å seie det mildt, men for sikkerheits skuld skaffa vi oss ein hundekvelp (Ariel, fødd 1. juni 2000) og to kattungar.

Veslejenta var ein roleg baby, fødd med ei rynke i panna og eit skeptisk blikk. Framleis er ho den mest observante i familien, og den einaste av borna som kan minibankkoda mi. Ho lærte seg sjølv å lese, og har drive undervisning av veslebroren slik at han òg kan lese flytande. Ho har irettesett den jamgamle naboguten for feil bruk av doring, og ho har smurt han med solkrem for å unngå at han blir solbrend.

Som lita var ho tung i "sessen", og ho sat for det meste på golvet og heldt i ei leike til ho lærte seg å gå 17 mnd gammal. No er ho aktiv i ballett, og ho er både sprek og sterk. Ho har dessutan eit visst musikalsk talent.

Vi kalla henne ofte "godtegris", og det hende at ho stal snop som søskena hadde gøymt på romma sine. Framleis er ho den som likar best å hjelpe til på kjøkenet, og ho lagar vaffelrøre heilt sjølv no.

Det er vemodig å sjå dei gamle bileta - det har vore så mange turar, feriar, selskap og andre hendingar som ein minnest med stor glede. Desse bileta er frå perioden 2000 - 2005, og det kjennest som om det er uhorveleg lenge sidan.

Søskena har blitt ein samansveisa flokk, og Nummer 2, som brukte å sitje og slå veslesystera i hovudet medan eg amma, er kanskje den som har vore nærast Nummer 3. I selskapet sitt inviterte ho klassekompisane hans - det seier sitt. Ho har vakse opp saman med gutar, for det meste, og har berre ei klassevenninne. Dette har gjort sitt til at leiareigenskapane hennar har fått utfalde seg fritt, og ho føyar seg såleis inn i ein tradisjon på morssida. I det heile er ho den av ungane som minner mest om meg - på godt og vondt.