mandag 15. juni 2009

Ferdig!


Gubben og Nummer 2 er på Kongsberg i høve AC/DC-konserten måndag (eia skulle vi dit...), og i går sende eg resten av flokken til besteforeldra i Ørsta. Dette har gjeve meg høve til å lese gjennom dei siste eksamenssvara, så no er eg ferdig med sensureringa (sjølve sensurmøtet er torsdag).

Det var fint å få ungane i hus att - eg har no sakna dei, sjølv om det neppe hadde blitt noko kjekk helg for dei viss det ikkje var for at besteforeldra tok seg av dei.

Minstemann er inne i ein songperiode, og eg syng til han med det rusta nebbet eg har. Yndlingssongane er alltid dei med mange vers - anten som fortel ei historie (som "Blåmann"), eller desse evigvarande hundrevers-songane der det einaste poenget er å hugse kor langt ein har kome. I dag stod "Gubben og Gamla" (med modulering, må vite) på programmet, og "Gåsa og katten og hanen". Songboka vi bruker for tida er "Song for deg og meg" av Odd Nordstoga, der "Grisen står og hyler" vart publisert lenge før den vart populær. Alle songane i boka er omsette til nynorsk, noko som skaper ei viss forvirring (dei nemnde songane er på nynorsk opprinneleg òg, men "Fader Jakob" og "Bro, bro brille" er betre kjende på bokmål). Etter å ha lese nesten 200 sidemålseksamenssvar er eg villeg til å ta den kampen det er å innføre nynorsk i heimen.

Eldstejentas bloggspråk ser eg på som eit truskuldig ungdomsopprør - langt betre enn narkotika eller dårleg musikksmak. Eitt av yndlingsordtaka mine er "ein må velje sine slag", og heimen bør ikkje vere ei slagmark (men det ser og høyrest ut som ei på dårlege dagar).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar