onsdag 27. mai 2009

Mimring om Nummer 3



































































Nummer 3 kom til verda i eit dramatisk år i familien vår. Gubben sitt store prosjekt den våren ho vart fødd, var å få huset såpass ferdig at vi kunne flytte inn, medan eg hadde meir enn nok med å bere fram baby, ha 100 % jobb og vere aleine med to ungar dei fleste helgane, medan Gubben altså bygde hus. 12 dagar på overtid vart vi sende med ekstra nattferje frå Eiksund, men fødselen var langt frå dramatisk, og veslejenta kom til verda i 13-tida neste dag. Ho likna ein eskimo med dei raude kinna, den gyldne huda og det svarte håret, og vi syntest ho passa godt til å bli kalla opp etter mi mørke, runde mormor.

5 veker gammal flytta ho saman med resten av gjengen inn i eit halvferdig hus som var ein byggeplass heile første halvåret. Det var nok å gjere, for å seie det mildt, men for sikkerheits skuld skaffa vi oss ein hundekvelp (Ariel, fødd 1. juni 2000) og to kattungar.

Veslejenta var ein roleg baby, fødd med ei rynke i panna og eit skeptisk blikk. Framleis er ho den mest observante i familien, og den einaste av borna som kan minibankkoda mi. Ho lærte seg sjølv å lese, og har drive undervisning av veslebroren slik at han òg kan lese flytande. Ho har irettesett den jamgamle naboguten for feil bruk av doring, og ho har smurt han med solkrem for å unngå at han blir solbrend.

Som lita var ho tung i "sessen", og ho sat for det meste på golvet og heldt i ei leike til ho lærte seg å gå 17 mnd gammal. No er ho aktiv i ballett, og ho er både sprek og sterk. Ho har dessutan eit visst musikalsk talent.

Vi kalla henne ofte "godtegris", og det hende at ho stal snop som søskena hadde gøymt på romma sine. Framleis er ho den som likar best å hjelpe til på kjøkenet, og ho lagar vaffelrøre heilt sjølv no.

Det er vemodig å sjå dei gamle bileta - det har vore så mange turar, feriar, selskap og andre hendingar som ein minnest med stor glede. Desse bileta er frå perioden 2000 - 2005, og det kjennest som om det er uhorveleg lenge sidan.

Søskena har blitt ein samansveisa flokk, og Nummer 2, som brukte å sitje og slå veslesystera i hovudet medan eg amma, er kanskje den som har vore nærast Nummer 3. I selskapet sitt inviterte ho klassekompisane hans - det seier sitt. Ho har vakse opp saman med gutar, for det meste, og har berre ei klassevenninne. Dette har gjort sitt til at leiareigenskapane hennar har fått utfalde seg fritt, og ho føyar seg såleis inn i ein tradisjon på morssida. I det heile er ho den av ungane som minner mest om meg - på godt og vondt.







































































































































































































5 kommentarer:

  1. Det var som ei reise tilbake i tid - å sjå alle dei gamle bilda.Det var sjølvsagt veldig kjekt, men også uendelig vemodig.Tida kjem aldri tilbake.....det er ein floskel,men sant likevel.
    Artig også å sjå att genserar etc. som eg har strikka.

    SvarSlett
  2. Heisann!
    Du, eg lurer på ein liten ting. Veit du om eg har lov til å låne bøker på skulebiblioteket sjølv om eg ikkje er elev lenger? Eg skulle gjerne hatt bøkene eg brukte til særemnet mitt i fjor, forstår du. Denne gangen er det blant anna filmanalyse av Ronja Røverdatter som står på plakaten. Hehe :)

    SvarSlett
  3. Kristina: bibliotekaren vår låner bøker til oss frå folkebiblioteket, og eg bruker det same lånekortet overalt. Så JA, det reknar eg med - viss ikkje, kan du bestille dei same bøkene på høgskulebiblioteket!

    SvarSlett
  4. Gratulerer med vel overstått!
    Koselege bilder og fin mimring.
    Eg vart kjend med Amanda i 60-års feiringa til Besten på Alex i okt. 2001. Ho sat på fanget til mormora si mens vi prata, og eg tykte ho var veldig roleg. Kanskje ikkje så dumt å ta livet litt med ro - så varer kreftene lenger?
    Eidabesta

    SvarSlett
  5. Ja, ho var veldig roleg, og kan framleis finne roa med ei bok e.l. i lange stunder - i motsetnad til storesøskena, som sjeldan sit stille. Eg kan forresten ikkje hugse at eg mata henne så mykje som baby, for det vart mest til at eg smurde på ei skive med leverpostei og gav henne. Bikkja låg under babystolen og venta på smular...

    SvarSlett