tirsdag 9. juni 2009

Gjøkeredet


Kan ein samfunnskritisk film frå 1975 slå an blant 17-åringar i 2009? Javisst! Men det krevst ei viss filminteresse blant dei håpefulle, nokre gode skodespelar-prestasjonar og ei gripande historie.

På engelsk mellomfag las vi romanen "One Flew Over the Cuckoo's Nest" av Ken Kesey, og for første gong vart eg skuffa over å lese boka som ein film har vore basert på. McMurphy i boka er ein bleik skugge av filmkarakteren spelt av Jack Nicholson, og Chief er langt meir sentral i romanen (eg-forteljar), så ein går glipp av den kostelege scena der han plutseleg viser seg ikkje å vere verken døv eller stum.

Sidan utgangspunktet mitt var å vise filmar som seier noko om samfunnet dei vart til i, som "Rebel Without a Cause", snakka vi mykje om behandlinga av pasientane, og om den småsprø McMurphy representerer eit fullgodt alternativ til Nurse Ratched's irriterande rolege steinansikt.

Uansett er filmen framleis fengande, Jack Nicholson er fantastisk og vi fann fleire kjende fjes i filmen - blant anna ein då temmeleg ukjend Danny De Vito.

Eg har verdas beste jobb.

1 kommentar:

  1. Eg har sett filmen, men det er ei god stund sidan. Vi plar diskutere JN på følgande måte:Er han ein genial skodespelar eller ER han berre slik?

    SvarSlett