søndag 14. juni 2009

Velkomen etter!


Det er igjen på tide å gratulere ei god venninne med dagen - og i dag er det ein rund dag som vert markert. Sjølve feiringa tek vi att neste helg, men det er på sin plass å heidre denne dama på sjølve dagen hennar òg.


H var ei av eldsjelende då vinklubben "Piker vin og sang" vart skipa hausten 2000. Ho var òg blant dei som tok seg av Gubben då han bygde om huset her vinteren 1999/2000, og ho var blant dei mange som fekk oss alle til å føle oss velkomne då vi flytta hit.


I desse åra som har gått sidan 2000 har H teke master i samfunnsplanlegging, ho har hatt diverse jobbar som har medført mykje pendling og ho har engasjert seg i saker i nærmiljøet. Eg beundrar henne mykje for pågangsmotet og innsatsviljen, og spesielt for at ho torer å stå opp for meiningane sine.


Biletet er henta frå sommaren 2002, då vi ferierte ilag i Danmark, og mellom anna var innom Djurs Sommerland.

2 kommentarer:

  1. Skal tru om det ikkje var i 2002 vi møtte dokke i Danmark? Vi har ikkje vore der sidan, men i år blir det ein tur igjen. Vi skal dele hus med Stein og fam (-dei to eldste)i Billund fem netter, så får vi sjå kva som skjer etterpå. Det skal i alle fall bli artig å vise Henning Legoland ++

    SvarSlett
  2. Ja, det stemmer vel - på Kattegatsenteret i Grenaa... Vi har vore i Danmark to gongar etterpå - eine gongen var vi i Legoland 9 dagar! Då var vi til saman seks vaksne og ti born; den eldste var 14 år og Vebjørn var to månader gammal. I fjor var vi på danacup og campa i Fredrikshavn. Eg er glad i Danmark - der er korte avstandar, mykje å finne på, god mat og eit passeleg laid-back folk.

    SvarSlett