mandag 15. juni 2009

Bok 35 2009: "Den trettende fortellingen" av Diane Setterfield


Tittelen på denne boka kan tolkast på to måtar på norsk, men det er altså "13.", og ikkje "trøttande", som er meint. Dette er eit lite funn av ei bok, for dei av oss som likar å lese spennande forteljingar i finurleg komposisjon. Ein av mine favorittfilmar er "Stekte grønne tomater", og Setterfields roman har ein liknande komposisjon med to parallelle historier i fortid og notid, der historia frå fortida kjem fram gjennom dialog mellom ein ung biograf og ein aldrande forfattar. Framdrifta ligg i dei uløyste gåtene som det heile tida blir vist til. I tillegg kan ein kanskje kalle romanen ein meta-roman, eller ei meta-forteljing, for bøker og forteljingar går som ein raud tråd gjennom det heile. Den aldrande forfattaren er ekspert på å skape forteljingar, og dialogen mellom henne og biografen skjer ved at forfattaren avslører forteljingar frå livet sitt.

Komposisjonen kan minne om ein spennande kriminalroman, men sjølv om det skjer både dødsfall og anna, er dette ikkje krim. Det er meir ein dramatisk roman - eg ser at bokmeldingar på nett samanliknar med Brontë-systrene, Austen, Dickens og de Maurier, og det er ikkje noko dårleg selskap å ende i, vil eg tru.

PS: etter at eg skreiv dette innlegget, var eg innom bloggen til "Besta". Ho har òg blogga om denne boka, og var ikkje fullt så begeistra som meg. Eg kan vere einig med Besta og somme av kommentatorane hennar i at slutten var litt "daff", nesten litt amatørmessig, men eg trur likevel eg likar det betre enn lause trådar.

2 kommentarer:

  1. Det må likevel ha vore noko som fenga meg med denne romanen, sidan eg hugsar den så pass godt som eg gjer.No skriv du mykje meir "proffe" bokmeldingar enn eg, og mykje meir reflekterte. Men så er du jo "fagkvinne" på området. Bokmeldingane mine er nok ikkje særleg gjennomtenkte Kanskje eg skal ta meg sammen?

    SvarSlett
  2. Eg kallar det ikkje bokmeldingar akkurat - det er meir refleksjon rundt det eg har lese. Nokon kan kanskje bli tipsa om ei bok dei får lyst til å lese, men eg tek ikkje mål av meg til å blogge om anna enn ei "her-og-no-kjensle". Meir pretensiøst er det vel ikkje meininga at blogginga skal vere? Forresten er du like mykje fagkvinne du som eg, om eg ikkje tek heilt feil

    SvarSlett