mandag 8. juni 2009

Shakespeare in love - again...


Eg har mange favorittar, eller "faborittar", som Minstemann seier. Ein forfattar-favoritt er Shakespeare, og eg har lese hans samla verk og sett tallause filmatiseringar av dei. I dag har eg avslutta nok ei filmframsyning - denne gongen var det "Shakespeare in love". Ja, eg har sett den før, og det har mange av elevane òg, men den er berre utruleg romantisk samtidig som den har glimt frå mange kjende scener i skodespela. Historia er oppdikta, men tekstane finst. Eg kombinerer alltid framsyninga med klipp frå youtube av den opprinnelege Romeo og Julie.

2 kommentarer:

  1. Dessverre er det lite eg har lese av Shakespeare, men denne filmen har eg sett to gonger på TV. Sjarmerande!
    Boka som vi la opp på gymnas begynte slik:
    When shall we three meet again? In thunder lightening or in rain...
    Tar du den?

    SvarSlett
  2. Macbeth er ein absolutt favoritt. Og Richard 3, King Lear etc etc

    SvarSlett