onsdag 12. mars 2014

Bok 20 2014: "Vi ses i morgen" av Tore Renberg

I denne boka av Renberg er det ikkje Jarle Klepp som er hovudperson, men derimot fleire personar i eit lokalsamfunn som får innverknad på liva til kvarandre. Ein får innblikk i korleis dei ulike personane tenkjer gjennom eit stadig skifte i synsvinkel, og romanen er vel såleis ein slags kollektivroman. Det skjer til dels dramatiske ting, og boka er spennande frå byrjing til slutt.

Det som først og fremst er imponerande i boka, er oppbygginga av karakterane. Dei er kanskje noko karikerte til tider, men ein blir fort kjend med dei og får sympati med dei uavhengig av kvarandre. Boka er ganske lang, men eg sat i alle fall att med eit håp om at det skal kome fleire bøker om desse karakterane. Også fordi her var lause trådar mot slutten, noko som litterært sett ikkje er noko svakheit, men som reint personleg vert opplevd som utilfredsstillande.

Eg høyrde boka som lydbok, der det er forfattaren sjølv som les, og det var absolutt ei positiv oppleving. Renberg les på dialekt, noko som gjer bøkene meir autentiske. Han er dessutan ein svært god opplesar.

1 kommentar:

  1. Eg er samd i alt du skriv, og eg synest slutten indikerer at det kjem fleire bøker. Eller er det kanskje ei forventning om det fordi fofattaren har skrive "seriar" før? Eg føler at eg las boka for fort, derfor har eg planar om å lese den om att. Har den liggande på PC-en.

    SvarSlett