tirsdag 29. januar 2008

Dancing queen


Eldstejenta dansar seg gjennom livet. Ho begynte aldri på klassisk ballett, men ho har gått nokre år på jazzballett og eit halvt år på "contemporary". I tillegg er ho sjølvlærd koreograf både for solonummer og dansenummer som involverer born i bygda generelt - og søskena spesielt. Til julefesten på skulen øvde ho og systa (nummer 3) inn ein juleinspirert dans som dei også framførte på juletrefesten i bygda. For tida øver dei inn eit nytt nummer som også involverer ein djupt konsentrert 4-åring (nummer 4). Hadde eg fått med meg Gubben på dansekurs, ville idyllen ha vore fullkomen. Som ein kuriositet for blogglesarar på mormorssida av slekta til borna, så var "Dancing Queen" i Volda for å lære nokre studentar å danse linedance i dag - og der møtte ho tremenningen sin frå Os/Eid!

3 kommentarer:

  1. Dei er så flinke alle saman.
    Nr.4 sin cowboydans er heller ikkje verst, men du får vel ikkje lagt den ut på bloggen?
    Dancing Queen var vel ikkje åleine om å lære bort linedance til studentane?

    SvarSlett
  2. Nei, det var no heile klassa + læraren.

    SvarSlett
  3. Ja, Ole fortalde at han hadde helst på tremenningen sin. Han visste ikkje at han hadde slekt på Folkestad... Ole kom heim i går pga. at han skulle til Førde i dag og operere vekk to visdomstenner. Det gjekk fint, men han blir heime resten av veka.
    Hilde

    SvarSlett