mandag 18. februar 2008

"Drageløperen" av Khaled Hosseini


Bok nummer fem i år var eigentleg ei julegåve frå meg - til meg (saman med "Mengele Zoo"). Denne etter kvart svært godt kjende afghansk-amerikanske romanen er lettlesen og til dels melodramatisk, etter mitt syn. Ein let seg rive med i den dramatiske handlinga, men ein kan òg gisse mesteparten av det som vil skje. Uansett: som eg har nemnt før, så synest eg det er spennande å lese om andre kulturar, og som ei innføring i afghansk kultur var dette ei fin bok. Kanskje er problemet mitt at forventningane var så skyhøge etter all positiv omtale romanen har fått?

8 kommentarer:

  1. Eg visste lite om boka då eg fekk den anbefalt og var dermed positivt overraska. Pauseunderhaldninga under fotballkampen gjorde eit sterk inntrykk. Etterpå las eg "(Landet?)Der Gud gråter. Det er ein dokumentar. Du slepp heller ikkje unna Tusen strålende soler.
    Kanskje endrar ein syn på dei norske soldatane i Afghanistan?

    SvarSlett
  2. Eg vart også litt skuffa over boka, for eg hadde FEIL forventningar. Trudde det var ein dokumentarroman, og frå den ståstaden vart boka litt for "romantisk" for meg. Men god er den! Filmen skal gå her i Ørsta neste helg, også det i samband med tunnelopninga.
    Tykte at Tusen strålende...var betre og meir realistisk. Landet der Gud gråter er den Afganistan-boka som har gjort størst inntrykk på meg.

    SvarSlett
  3. Eg er inne i ein Dickensperiode (dvd), og Drageløperen er litt i slekt, synest eg. Skal sjølvsagt lese "Tusen...", men no er eg godt i gang med "Teacher man" - tredje boka til Frank McCourt, der han skriv om sitt liv som lærar på ein yrkesretta vidaregåande skule i New York. DET er i alle fall realistisk nok.

    SvarSlett
  4. Den har eg lese på norsk. Mykje å reflektere over, m.a. kva forholdet til faren hadde å seie for vaksenlivet hans. Ha du lese boka i midten?

    SvarSlett
  5. Den boka las eg før eg las Engelen på det syvende trinn, det skulle absolutt vore omvendt! Boka imellom dei to er dessverre ikkje komen på lydbok.(Ja, så men, heiter den visst på norsk.)
    Hugsa at Lærer´n var god, men mykje av den boka las eg på eit hotellrom på Hamar ei natt eg ikkje fekk sove ......
    Eg hugsar at eg tenkte at dette var ei slik bok som alle lærarar ville ha nytte og glede av å lese; den handlar nemlig ikkje om Superpedagogen!

    SvarSlett
  6. Eg har lese boka i midten, men den var ikkje så god som den første. Denne tredje er truleg mest interessant ut frå at eg sjølv er lærar, men den første var utruleg god, då. Den midterste heiter "'Tis" på engelsk.

    SvarSlett
  7. Kjøpte boka på Mammutsalg i går og gled meg til å lese den, men må først lese ferdig "Hjem" av AKE, lånt på biblioteket. Litt irrit. å sjå bøker kjøpt til jul som ligg på salg, bl.a. "Menn som hater kvinner", men, men...
    Eg synes du har mange gode kommentarar i bloggen din, kanskje du har ein forfattarspire i dag?
    Eidabesta/tante

    SvarSlett
  8. Eller kanskje ein norsklærar? Takk for komplimenten!

    SvarSlett