onsdag 6. februar 2008

"To blå" av Eli Sol Vallersnes


Igjen er det ein elev som har inspirert meg til å lese ei vanskeleg bok. Eleven har særemne om svangerskap og fødslar i romanar, og det må eg seie denne boka tek føre seg. Ikkje alt i boka er lett å forstå, og noko av det verkar søkt, men her er to barselskvinner som ein både kan kjenne seg sjølv og andre att i. Noko av det mest irriterande med barselskvinner er at dei er så oppslukte av babyen at ein ikkje får augekontakt med dei, og i denne romanen er det ei slik. Ho snakkar til og med til andre gjennom babyen. Klisjéen i boka er at mannen reiser frå denne fjollete babymora - vanlegvis blir fedrene enda verre, er det ikkje slik? Uansett er det både vemodig og opprivande å lese om noko som definitivt er eit tilbakelagt stadium.

2 kommentarer:

  1. Eg hugsar då den første boka som hadde fødsel/barsel som hovudtema
    kom.Det var boka Vinterbarn. Reknar med at mange har lese den.
    Men det er jo eit evig aktuelt tema, får vi håpe! (Ikkje for dei same heile tida, sjølvsagt).

    SvarSlett
  2. Eleven min skal lese Vinterbarn òg.

    SvarSlett