søndag 21. desember 2008

Fjerde søndag i advent



Under mottoet "betre seint enn aldri" laga eg i dag julemanndeig. Gubben og tre barn stod for kjevling og utstikking av tradisjonelle "mann- og konekaker", men i tillegg også kattar, englar, ender, hestar og bearded colliar. I mellomtida laga eg deig til kokosmakronar, så ut på natta ein gong får vi fullført årets julebakst! Nummer 2 deltok ikkje i bakinga på grunn av sjukdom, og nokre av dykk er kanskje skarpsynte nok til å skimte han på sofaen i stova. Han var den einaste som ikkje vart sjuk av å opne julekalendar, så det er kanskje same sykja som slo til litt forseinka. No håpar vi berre på at vi - og alle andre - får vere friske i jula.

3 kommentarer:

  1. Vi ønskjer han god og rask betring.
    Håper alle er friske lisjejulaftan!

    SvarSlett
  2. Ja..
    På "bloggar"-lista di, har du berre:
    "www.olla-blogg.blogspot.com" og ikkje "www.koseknain.blogspot.com

    SvarSlett