torsdag 25. desember 2008

Innføring i skikk og bruk


Ved frokostbordet kommenterte Nummer 2 at det jammen var lenge sidan han hadde leika med kompisen i nabohuset. Gubben og Gamla forklarte då at ein ikkje besøker vener på første juledag - det er ein gammal tradisjon. Nummer 2 tenkte seg litt om, og så spurte han: "kanskje de e på tide å innføre noken nye tradisjona?"

1 kommentar:

  1. Det må no vere greitt!;-)
    Ein treng no verken kime på telefon eller ringeklokka før folk har stått opp, men elles må det vere greitt med nye skikkar. Vi har fått både msn og sms m.m.

    SvarSlett