søndag 28. desember 2008

Juletrefest og 80-årsfeiring






Etter ein nydeleg, klar dag var det tid for den årlege juletrefesten på Straumshamn. Som vanleg deltok dei tre eldste ungane aktivt i programmet med dans og spel, og unge Indiana var flink til å takke nissen høgt og tydeleg. Jentene stilte også i år med ein julerelatert og sjølvkoreografert dans. På heimveg stoppa vi hos naboen og var på etterpåselskap der (ho feira 80-årsdag i går, men då var Gubben vekkreist). Som ein kuriositet kan eg nemne at vi drakk kaffi frå kaffiservise som jubilanten og mannen fekk av besteforeldra til Gubben til bryllaupsdagen sin i 1954. Serviset var fint det, og alle delane var intakte enno!

11 kommentarer:

  1. Koselig at det vart BÅDE fest og bursdag! Unge Indiana er no berre heilt prima. Reknar md at dei tre store greidde oppgåvene sine med glans?

    SvarSlett
  2. Ja, det mest spennande var no eigentleg dansen til jentene, som eg kun har fått eit visst inntrykk av gjennom kjøkkentaket. Eldstejenta er noko oppgidd over veslesystera og hennar mangel på ekshibisjonisme, og eg måtte til å minne henne om at då HO var lita, slapp ho å ha ei litt vel dominerande storesyster til å gi seg meir eller mindre fortent korreks...

    SvarSlett
  3. Mi eiga storesyster var ikkje dominerande på den måten, men eg sa seinast i dag til Eldstejenta at nokre menneske har ein naturleg autoritet. Storesystera mi er ein slik person ;-)

    SvarSlett
  4. Eg har lese mykje om kva som kjenneteiknar barn i ein familie. Det vanlege er at den eldste inntek ei "vaksenrolle" - og det er vel ikkje usannsynleg. For øvrig kan eg opplyse at då eg var på konferansetimar i barneskulen, fekk eg høyre at BEGGE jentene mine var dominerande typar. Det såg eg som POSITIVT! Men stakkars bror?

    SvarSlett
  5. For at nokon skal dominere, så må nokon la seg dominere. Eg trur enkelte synest det er behageleg å la andre ordne opp for seg, sånn på det jamne. Men av og til renn det vel over. På 70-talet var det mykje gruppearbeid. Sikkert lærerikt for framtidig jobb, men eg gjekk lei av det!

    SvarSlett
  6. Dei fleste gjekk lei av gruppearbeid.Det vart slik at nokre få gjorde mykje, dei andre nesten ingen ting. Vi hadde no diverse gruppearbeid så lenge eg var i skulen og då var det mange som berre surra. Derfor trengst det (gode)leiarar på alle plan i samfunnet.

    SvarSlett
  7. Problemet (i den grad det er eit problem) med jenter som har leiareigenskapar (ok: er dominerande, då) er at dei meir eller mindre direkte blir sosialiserte inn i læraryrket.

    SvarSlett
  8. Hehe, her var eg innom berre for å sjå på juletrefesten og denslags, men vart frista til å kommentere kommentarane:)

    Det er så sant alt sammen! Og eg skulle aldri bli lærar, og valde barnevernpedagogutdanning i staden. No jobbar eg i skulen, og har visst "alltid" vore der... Alle lærartantene fekk rett!

    SvarSlett
  9. Ja, det var vel dei dominerande som jobba og tok sjefsrolla når det hasta å få det opp på veggen e.l.

    SvarSlett
  10. p.s. anlen og eg har nok skrive samtidig.... Ho er nok ein typisk representant for storesystre!

    SvarSlett