torsdag 15. januar 2009

Bok 3 2009: "Køyre frå Fræna" av Lars Petter Sveen


Sidan forfattaren kjem til skulen snart, var det påkravd at eg las denne vesle novellesamlinga. Tekstane kan minne litt om Levi Henriksens "heimstaddikting", men skiljet mellom realisme og eventyr er meir uklart. Temaa er dessutan veldig varierte, men samliv og politikk går att. Elevane er blitt bedne om å lese "Falle frå kvarandre" og "Elva", og begge dei novellene handlar om å leve med å ha gjort noko frykteleg. Den eine hovudpersonen har kjørt ihel kameraten sin og sjølv blitt lam, medan den andre jagar ein asylsøkjargut så han fell i elva og druknar. Ikkje akkurat grensesprengjande tematikk, men tankevekkjande skrive. Språket er lettlesen nynorsk med få og små innslag av dialekt. Alt i alt ei god bok, og eg er spent på å møte opphavsmannen, som forresten har fått eit debutantstipend etter at boka kom ut.

5 kommentarer:

  1. Eg synest det er fint at elevane får lese litteratur frå notida.Har alltid tykt at ein har lagt for mykje vekt på "dei gode, gamle" i skulen.Sjølvsagt skal ein ha litt kunnskap om dei,men ungdom blir ikkje glade i å lese om ikkje bøkene/novellane fenger.Novelle er forresten noko av det vanskeligaste å skrive godt- etter mi meining. Likte godt Levi Henriksens Bare mjuke pakker under treet.Boka du skriv om, har eg ikkje lese, men det høyrest ut som om den kan fengje dei unge.

    SvarSlett
  2. Ja, no har dei fått lese dei to nemnde novellene, og det verka som om dei hadde sansen. Forfattaren er ung (fødd 1981), og det blir spennande å sjå korleis dei tek imot han i morgon.

    SvarSlett
  3. Ung og pen?
    Mannen er heilt ukjend for meg.
    Dukkar den opp på biblioteket, tek eg den nok med meg!
    Vi las novella "En hjemkomst" av Oskar Braaten i dag. Den var skikkeleg rørande. Språket var mykje enklare enn hos Falkberget.

    SvarSlett
  4. Ja, eg las boka på senga - den er berre på ca 90 sider - så den er lettlesa og interessant.

    SvarSlett
  5. Og no har han vore innom klassa! Forfattaren var flink til å snakke, og han hadde ein viss appell til elevane, sjølv om dei var uvanleg stille til dei å vere.

    SvarSlett